Krisehandtering og samordning

Ansvarsprinsippet inneber at den instansen som er ansvarleg for eit område i ein normalsituasjon, også har ansvaret ved ekstraordinære hendingar og kriser. Nærleiksprinsippet inneber at kriser skal handterast på lågast mogleg nivå.

Fylkesmannen kan samordne innsatsen

Ved større kriser og katastrofar er det ofte fleire instansar som er involverte i krisehandteringa. I slike situasjonar kan Fylkesmannen samordne innsatsen. Dersom det blir aktuelt å setje i verk ei slik regional samordning, skal det opprettast kontakt mellom Fylkesmannen og dei aktuelle etatane. Her kan fylkesberedskapsrådet vere eit viktig forum.

Alle fylke skal ha eit fylkesberedskapsråd

Fylkesberedskapsrådet er sett saman av sentrale offentlege beredskapsaktørar og frivillige og private organisasjonar som har fagkunnskap om samfunnstryggleik og beredskap. Rådet er eit forum for gjensidig orientering om beredskapsarbeid, og i ein krisesituasjon vil rådet vere Fylkesmannens sentrale samarbeids- og støtteorgan.

Ved krig har Fylkesmannen mynde til å ta hand om viktige samfunnsinteresser dersom kommunikasjonen med regjeringa blir broten.

Vis meir



03.09.2018

Informasjon om naturskadeordninga

Den offentlege naturskadeordninga kan gi erstatning til reparasjon av skadar som direkte skuldast naturulukker som flaum, storm, stormflo og skred, men som ikkje blir dekka av privat forsikring.


06.07.2018

Øving av Totalforsvaret i Noreg

Øvinga Trident Juncture blir den største fullskalaøvinga i Noreg på fleire tiår, med om lag 40 000 soldatar frå ei rekkje NATO-land venta til landet.


05.07.2018

Øving Lyneld 2018

Fylkesmannen si varslings- og diskusjonsøving for kommunane i Hordaland i 2018 er gjennomført.


23.01.2017

Øving Lyneld nr. 1 for 2017

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte onsdag 18. januar 2017 Øving Lyneld nr. 1 for 2017.


20.01.2017

Møte i fylkesberedskapsrådet i Hordaland 19. og 20. januar 2017

Det faste årlege møtet i fylkesberedskapsrådet/atomberedskapsutvalet i Hordaland (FBR-H/ABU-H) vart gjennomført på Solstrand Hotel & Bad 19. og 20. januar 2017. På dag 1 stod følgjande tema på dagsorden: infrastruktur og transportberedskap, klimautfordringar og refleksjonar over vår fragmenterte beredskapskvardag. Dag 2 vart innleia med ein bolk om samvirke og opplegg for øvingar, medan hovudtemaet var Sykkel-VM 2017.


18.02.2016

Evaluering etter Øving Hordaland 2015

Temaet for Øving Hordaland 2015 var atomberedskap.


02.02.2016

Handtering av uvêret «Tor» i Hordaland

Kommunane synest å ha vore godt førebudde på å handtere «Tor». Uvêret vart mindre kraftig enn først frykta og utfall av straum og telefoni vart retta relativt raskt.


15.01.2016

Møte i fylkesberedskapsrådet 2016

Den 14. og 15. januar inviterte Fylkesmannen i Hordaland til den årlege, faste samlinga for fylkesberedskapsrådet i Hordaland.


02.12.2015

Øving Hordaland tema på samling for beredskapskontaktar

Her finn du presentasjonar frå samlinga for beredskapskontaktar i kommunane 10.-11. november. Blant emna var inntrykk frå årets Øving Hordaland og tilsyn med samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet i kommunane.


26.10.2015

Klart for Øving Hordaland 2015

27. oktober øver kommunane, Fylkesmannen og andre beredskapsaktørar atomberedskapen i fylket.


Fleire nyhende


Aktuelt

Kriseinfo.no er din inngang til myndighetenes kriseinformasjon.