Jodtablettar ved atomulukker

Illustrasjonsfoto: Statens strålevern
Illustrasjonsfoto: Statens strålevern

Frå 1. november vil reseptfrie jodtablettar vere til sals på norske apotek. Myndigheitene anbefalar at alle under 40 år, gravide, ammande og dei med heimebuande born kjøper tablettar for heimelagring.

Jodtablettar står på lista over kva ein bør ha lagra heime. Lista finn du i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap sin kampanje for eigenberedskap som nyleg vart lansert.

Her finn du informasjon om ordninga, informasjonsark både for innbyggjarar og helsepersonell, og lenker til temaartikkel hjå Strålevernet. Dersom du skulle ha fleire spørsmål vil HELFO ta i mot spørsmål frå publikum, frå torsdag 1. november.

Dagens trusselbilete tilseier at jodtablettar kan bli aktuelt over heile landet, som tiltak ved atomhendingar. Europeiske kjernekraftverk eldast, og risikoen for alvorlege ulukker aukar. Ferdsel med reaktordrivne fartøy langs norskekysten er sterkt aukande, og ei ulukke med eit slikt fartøy kan gje radioaktive utslepp som rammar Noreg. Sannsynet for terroraksjonar har òg auka.

Kvifor ta jodtablettar?

Dersom det blir eit utslepp av radioaktiv jod, kan jodtablettar vere eit av dei beskyttande tiltaka som myndigheitene anbefalar. Ved ei atomulukke kan radioaktivt jod bli spreidd via luft og tas opp i skjoldbruskkjertelen frå ureina luft, eller ureina mat og drikke. Tilskot av naturleg jod minskar risiko for å få kreft i skjoldbruskkjertelen. Jodtablettar beskyttar kun mot radioaktivt jod, og ikkje mot andre radioaktive stoff.

Råd om å ta tablettane vil ofte bli gitt saman med eit råd om å opphalde seg innandørs i opptil to døgn, det er difor viktig å ha tablettane lagra heime.

Kven skal ta jodtablettar?

Det er spesielt viktig at born og unge under 18 år, gravide og ammande tar tablettane fordi dei har størst risiko for å få kreft i skjoldbrukskjertelen etter å ha blitt utsett for radioaktivt jod. Det kan i heilt spesielle situasjonar óg vere aktuelt med tablettar for vaksne mellom 18 og 40 år, medan dei over 40 år har svært liten risiko for å få kreft i skjoldbruskkjertelen, og treng ikkje ta jodtablettar. Personar som har operert bort skjoldbruskkjertelen treng ikkje ta jodtablettar.

Kor mykje skal ein ta?

Følg dosering på pakninga og i pakningsvedlegget, og følg råd frå myndigheitene.

Ikkje bruk jodtablettar dersom du:

  • er allergisk mot kaliumjodid eller nokre av dei andre innhaldsstoffa i legemiddelet
  • har betennelse i skjoldbruskkjertelen (thyreoiditt)
  • har forstyrringar i skjoldbruskkjertelfunksjonen
  • har dermatitis herpetiformis (Duhrings sjukdom)

Vi gjer merksam på at Statens strålevern har laga informasjonsark på fleire språk; nordsamisk, russisk, polsk, arabisk, urdu, tyrkisk, vietnamesisk og tamil - desse er publisert i temaartikkel på nettsidene deira.

Kven gir råd om å ta jodtablettar?

Kriseutvalet for atomberedskap og myndigheitene vil gi råd, og myndigheitene vil informere innbyggjarane om kva grupper av befolkninga som skal ta tablettane ved ei atomulukke. Kriseutvalet for atomberedskap består av representantar frå sentrale myndigheiter med særskilte ansvar i handtering av atomhendingar. Kriseutvalet er ansvarlege for, og har fullmakt til, å setje i verk tiltak for å redusere konsekvensar av ei atomhending - mellom anna å gi råd om jodtablettar. Kriseutvalet sine medlemer: Statens strålevern, Politidirektoratet, Helsedirektoratet, Forsvaret, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Mattilsynet, Kystverket og Utanriksdepartementet.

I kvart fylke er det regional atomberedskapsutval, i Hordaland er dette dei same som er medlemer av fylkesberedskapsrådet, leia av Fylkesmannen.