Beredskap

For å kunne handtere kriser må samfunnet ha planar for krisehandtering, og vi må gjennomføre øvingar i tråd med desse planane. Alle aktørar på sentralt, regionalt og lokalt nivå har ansvar for både å planlegge og øve. 

I tillegg til å øve eigen kriseorganisasjon, har Fylkesmannen ansvar for jamleg å øve kriseleiinga i kommunane. Fylkesmannen skal dessutan vere ein pådrivar for øvingar som involverer andre regionale fagetatar, som til dømes Forsvaret. 

Beredskap er ein viktig del av samfunnsplanlegginga

Ei anna viktig oppgåve for Fylkesmannen er å sjå til at vi i samfunnsplanlegginga tek beredskapsomsyn, og at kommunane har eigne kriseplanar. 

Fylkesmannen skal koordinere den regionale atomberedskapen og medverke til at regionale og lokale etatar utviklar planar for å kunne handtere ei atomulykke. Her er det Statens strålevern som er nasjonal fagetat.

Vis meir


06.02.2018

Samfunnssikkerhetspris til Bergen kommune

Bergen kommune har fått Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) sin "Samfunnssikkerhetsprisen" for 2017, for arbeidet med samvirkesenteret under Sykkel-VM.