Samfunnstryggleik og beredskap

Alle har eit ansvar for å førebyggje uønskte hendingar og kriser, og å handtere dei viss dei likevel skjer. Vi må ta førebyggjande omsyn i alt frå arealplanlegging i kommunane til HMS-tiltak på den enkelte arbeidsplassen.

Fylkesmannen er eit bindeledd mellom sentrale og lokale styresmakter, og har ei sjølvstendig rolle som pådrivar og rettleiar for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap.

I ein krisesituasjon er politiet, den ansvarlege fagetaten eller kommunen den viktigaste informasjonskjelda til innbyggjarane. Fylkesmannen kan i ein del tilfelle ta eit samordningsansvar for krisehandteringa på regionalt nivå, for å sikre gode og samordna løysingar mellom aktørane. Fylkesberedskapsrådet er eit viktig forum for å ivareta samordningsansvaret. Rådet er samansett av sentrale offentlege beredskapsaktørar og frivillige og private organisasjonar. 

Vis meir


06.07.2018

Øving av Totalforsvaret i Noreg

Øvinga Trident Juncture blir den største fullskalaøvinga i Noreg på fleire tiår, med om lag 40 000 soldatar frå ei rekkje NATO-land venta til landet.


05.07.2018

Øving Lyneld 2018

Fylkesmannen si varslings- og diskusjonsøving for kommunane i Hordaland i 2018 er gjennomført.


08.06.2018

Fagsamling beredskap

Fylkesmannen i Hordaland inviterer til fagsamling for samfunnstryggleik og beredskap, på Park Hotel Vossevangen 18. og 19. oktober 2018.


05.06.2018

Tilsyn Fedje kommune

Fylkesmannen i Hordaland avdekte to avvik og har ein merknad etter tilsyn med samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet i Fedje kommune 22.03.2018.


04.06.2018

Tilsyn Modalen kommune

Fylkesmannen i Hordaland avdekte to avvik og har ein merknad etter tilsynet med samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet i Modalen kommune 17.04.2017.


26.04.2018

Revidert rettleiar til forskrift om kommunal beredskapsplikt

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har revidert rettleiar til forskrift om kommunal beredskapsplikt.


13.03.2018

Tilsyn Masfjorden kommune

Fylkesmannen i Hordaland avdekte to avvik etter tilsynet med samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet i Masfjorden kommune 13. februar 2018.


06.02.2018

Samfunnssikkerhetspris til Bergen kommune

Bergen kommune har fått Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) sin "Samfunnssikkerhetsprisen" for 2017, for arbeidet med samvirkesenteret under Sykkel-VM. 


26.01.2018

Tilsyn med samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet i Osterøy kommune

Fylkesmannen i Hordaland avdekte fire avvik etter tilsynet med samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet i Osterøy kommune 3.november 2017.


26.01.2018

Tilsyn med samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet i Austrheim kommune

Fylkesmannen i Hordaland avdekte to avvik og har to merknader etter tilsynet med samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet i Austrheim kommune 8. november 2017.


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel