Plan- og bygningsrett

Det er kommunane som har ansvar for arealplanlegging og gir byggjeløyve innanfor kommunegrensene. Kommunal- og moderniseringsdepartementet er øvste plan- og bygningsstyresmakt. Fylkesmannen er klageinstans i byggjesaker og saker som gjeld reguleringsplanar.  

Klage på byggjesaker og reguleringsplanar

Som klageinstans skal Fylkesmannen medverke til å sikre at bygningspolitiske mål i lover, forskrifter og arealplanar etterlevde på best mogleg måte. Men Fylkesmannen skal òg leggje vekt på det kommunale sjølvstyret.

Kven kan klage?

Tiltakshavar, naboar og andre som har klagerett, kan klage på kommunens vedtak i byggje- og reguleringssaker. Klaga skal sendast til kommunen. Dersom kommunen ikkje endrar vedtaket sitt, blir saka send vidare til Fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Saksbehandlingstid

Fylkesmannen skal prioritere saker der ei klage fører til utsett iverksetjing av eit vedtak. Desse sakene skal behandlast innan 6 veker. I andre tilfelle skal Fylkesmannen prioritere sakene etter kor viktige dei er for den enkelte og samfunnet. Saksbehandlingstida skal ikkje vere på meir enn 3 månader.  

Vis meir


20.01.2017

Uttale frå Sivilombodsmannen - løyve til gangbru mellom Sandviksboder 77ab og 78a

Fylkesmannen stadfesta den 27.09.2016 Bergen kommune sitt vedtak om rammeløyve og dispensasjon for oppføring av gangbru mellom Sandviksboder 77ab og 78a. Strandens Grend Velforening klaga Fylkesmannen sitt vedtak inn for Sivilombodsmannen. Ombodsmannen har ikkje funne grunn til å reise kritikk mot Fylkesmannen sitt vedtak eller handsaming av saka.


20.01.2017

Klagesaker etter plan- og bygningslova i 2016

Gjennomsnittleg sakshandsamingstid i byggesaker hos Fylkesmannen i Hordaland var i 2016 på 60 dagar, ca to månader.


06.12.2016

Klagerett til Foreininga Bevar Fjellheim

Fylkesmannen har handsama klage over områdereguleringsplan for Os sentrum vest. Planen medfører mellom anna at tomta til samfunnshuset Fjellheim vert omregulert til område for blokkbustader. Planen er berre delvis stadfesta.


14.03.2016

Flystøy og kommuneplanen i Bergen

Fylkesmannen har skrive brev til Bergen kommune om flystøy og arealdelen til kommuneplanen i Bergen, samt om korleis reglane må forståast. Sjå brevet til høgre.


11.02.2016

Klagesaker etter plan- og bygningslova i 2015

Ca 15 % av byggesaksklagene som Fylkesmannen i Hordaland handsama i 2015 førte til oppheving eller omgjering av kommunen sitt vedtak.


11.02.2016

Fylkesmannen stadfestar Bergen kommune sitt endringsløyve i Jektevikbakken

Fylkesmannen har stadfesta løyvet som Bergen kommune gav om endring av rammeløyve til nybygg for studentbustader og barnehage i Jekteviken, Magnus Lagabøtes plass 5.


27.11.2012

Tok seg vatn over hovudet

Bergen kommune vedtok pålegg om fjerning av ulovleg oppført symjebasseng, og ilegging av tvangsmulkt dersom dette ikkje vart fjerna innan fastsett frist. Fylkesmannen stadfesta vedtaket.