Biltema på Forus - departementet stadfester avslag på dispensasjon

Fylkesmannen i Hordaland gjorde om Stavanger kommune sitt vedtak, slik at dispensasjon til etablering av varehus for Biltema på Forus vart avslått. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har no stadfesta Fylkesmannen sitt avslag på dispensasjon. 

01.05.2017 gav Stavanger kommune dispensasjon frå reguleringsplan og kommuneplan for etablering av varehus for Biltema på Forus. Fylkesmannen i Rogaland klaga over vedtaket. Den 19.01.2018 tok Fylkesmannen i Hordaland  klagen frå Fylkesmannen i Rogaland til følge, slik at dispensasjonssøknaden vart avslått.

I brev av 12.02.2018 oppmoda Buffin Real Estate Norway AS, Biltema Norge AS sitt eigedomsselskap, Kommunal- og moderniseringsdepartementet om å omgjere Fylkesmannen i Hordaland sitt vedtak.

I sitt svarbrev av 14.05.2018 skriv departementet at dei ikkje kan sjå at det ligg føre nokre feil ved Fylkesmannen sitt vedtak som gjer dette ugyldig.