Plan og bygg

Planlegging og arealforvaltning er ein føresetnad for god samfunnsutvikling. Det er regjeringa og Stortinget som fastset dei nasjonale måla, men det er kommunane og fylkeskommunane som har ansvaret for planlegginga på kommune- og fylkesnivået. Etter plan- og bygningslova skal kommunane samordne den fysiske, økonomiske, sosiale og kulturelle utviklinga på sine område gjennom samanhengande kommuneplanlegging. Fylkeskommunen skal gjennom si planlegging samordne verksemda til staten, fylkeskommunen og kommunen i fylket.

Fylkesmannen har to sentrale oppgåver i arealforvaltninga:

  • Som fagstyresmakt innan landbruk, miljøvern, helse og samfunnstryggleik skal Fylkesmannen sørgje for at nasjonale interesser blir sikra.
  • Fylkesmannen skal sikre at kommunale vedtak i plan- og byggjesaker er i samsvar med gjeldande lovverk. 

Vis meir


16.05.2018

Biltema på Forus - departementet stadfester avslag på dispensasjon

Fylkesmannen i Hordaland gjorde om Stavanger kommune sitt vedtak, slik at dispensasjon til etablering av varehus for Biltema på Forus vart avslått. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har no stadfesta Fylkesmannen sitt avslag på dispensasjon. 


24.01.2018

Fylkesmannen opphevar vedtak om kjøpesenter

Fylkesmannen i Hordaland har funne det naudsynt å oppheve Bergen kommune sitt vedtak om bygging av kjøpesenter. Vi viser til vedtaket vårt som du finn i høgre marg.


15.01.2018

Ta seniorane med i kommunal planlegging

I samband med regjeringa sin strategi for eit meir aldersvenleg samfunn, har Høyskolen i Akershus på oppdrag frå Helsedirektoratet prøvd ut ein eigen modell for medverknad frå eldre innbyggjarar.


20.12.2017

Opningstider i jula

I romjula har vi reduserte opningstider.


18.12.2017

Bybaneplanane er ferdig klagehandsama

Fylkesmannen i Hordaland har klagebehandla tre reguleringsplanar for bybanen i Bergen for strekninga sentrum – Fyllingsdalen.


20.11.2017

Bybanen til Fyllingsdalen - første delstrekning stadfesta

17.11.2017 stadfesta Fylkesmannen Bergen kommune si vedtaking av områdereguleringsplan for Bybanen frå sentrum til Fyllingsdalen, første delstrekning Nonneseter - Kronstad.


27.09.2017

Konferanse om naturmangfald i sjø

Fylkesmannen inviterte til dagskonferanse om naturmangfald i sjø tysdag 7. november 2017. Vi retta søkjelyset på kunnskapsstatus om naturmangfald i sjø, og korleis vi nytter dette i forvaltninga av dei marine økosystema.

Du finn innlegga i menyen til høgre. 


16.08.2017

Nei til meir kraftutbygging i Valldalen

Olje- og energidepartementet har avslått fire kraftutbyggingsprosjekt i Valldalen i Odda. Grunngjevinga er at utbygging vil vere i strid med nasjonalt villreinområde på Hardangervidda, friluftsinteresser og landskap.


03.07.2017

Vegetasjonen langs vassdrag skal takast vare på

Den vanlege vegetasjonen inntil vassdrag og vatn har eit særskilt vern etter vassressurslova. Du kan ikkje ta bort denne vegetasjonen utan å søke Fylkesmannen. Fylkesmannen i Hordaland har oppheva vedtak i Kvinnherad kommune der kommunen ikkje tok omsyn til vegetasjonen langs vassdrag.


09.06.2017

Regional jordvernkonferanse 2017

Kva stilling har jordvern hos politikarane og kommunane i Rogaland og Hordaland? Over 100 påmeldte fram til no - siste frist for påmelding 27.09.17.


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel