Sørviserklæringa

Her finn du sørviserklæringa til Fylkesmannen i Hordaland. Den fortel kva vi gjer og korleis du kan gi oss tilbakemelding. Den inneheld også oversikt over kva sakshandsamingstid du kan forvente.

Fylkesmannen i Hordaland er Kongen og regjeringa sin representant i fylket. Fylkesmannen held til i Statens Hus i Bergen.

Fylkesmannen skal

  • sjå til at Stortinget og regjeringa sin politikk blir følgt opp i kommunane, fylkeskommunen og helseføretaka
  • sjå til at innbyggjarane og andre får den rettstryggleiken dei har krav på i høve til regelverket som er forvalta av Fylkesmannen
  • samordne statleg politikk overfor kommunane
  • informere sentrale styresmakter om særlege forhold i fylket

Klikk her for oversikt over avdelingane våre

Bla ned for saksbehandlingstid på nokre saksområde når saka er godt nok opplyst.

Når du vender deg til oss, skal du

  • få god sørvis med korrekt og klar informasjon
  • få rettleiing i saksbehandlingsreglar, lovgjeving, statlege retningsliner og forvaltningspraksis
  • få opplyst kva avdeling som behandlar saka di, kven som er saksbehandlar og kor lang tid det tek å behandle saka di
  • få vite når den aktuelle saksbehandlaren er til stades dersom han eller ho ikkje er tilgjengeleg
  • få hjelp til å finne rett instans om vi ikkje kan hjelpe deg
  • vite at vi praktiserer meiroffentlegheit, og at søknader og klager blir behandla etter retningslinene for teieplikt i forvaltningslova.

Vår visjon:

Fylkesmannen skal utføre godt styresett og møte urett med rett.

Saksbehandlingstid

Saksbehandlingstida vil variere etter saksområde, kompleksiteten i saka og kor godt ho er opplyst når ho kjem til Fylkesmannen. Dersom saka di må sendast til andre instansar før vi kan avgjere ho, vil du få melding om dette. Du får melding om eventuelle fristar for andre forvaltningsorgan som skal uttale seg i saka. Bla ned for saksbehandlingstid på nokre saksområde når saka er godt nok opplyst.

Gi oss tilbakemelding!

Kva du meiner om oss er viktig. Du er alltid velkomen til å gi oss tilbakemelding. Send melding til Fylkesmannen 

Saksbehandlingstid på nokre saksområde når saka er godt nok opplyst:

Det saka gjeld / type sak

Avdeling som
behandlar saka

Avgjerd innan

Anerkjennelse av utanlandsk skilsmisse/separasjon

Kommunal- og samfunnsplanavdelinga

2 veker

Apostillar

Administrasjons- og verjemålsavdelinga

2 dagar (vert behandla over disk når det er høve til det)

BU-saker (bygdeutvikling)

Landbruksavdelinga

2 månader

Handsaming av hendingsbasert tilsyn

Helse- og sosialavdelinga

3 månader

Handsaming av kommunebudsjett etter kommunelova § 59 A

Kommunal- og samfunnsplanavdelinga 

3 månader

Hasteoppnemning av verje (unntak, gjeld berre nokre sakstyper)

Administrasjons- og verjemålsavdelinga

omgåande

Innspel til saker etter plan- og bygningslova

Kommunal- og samfunnsplanavdelinga 

kommunen si høyringsfrist

Klage etter barnehagelova

Utdanningsavdelinga 

1 månad

Klage etter forskrift om likeverdig behandling (barnehage)

Utdanningsavdelinga 

3 månader

Klage etter introduksjonslova

Utdanningsavdelinga 

6 veker

Klage etter jordlov, skoglov, konsesjonslov og odelslov

Landbruksavdelinga

3 månader

Klage etter lov om barneverntenester

Helse- og sosialavdelinga

3 månader

Klage etter namnelova

Kommunal- og samfunnsplanavdelinga 

1 månad

Klage etter plan- og bygningslova

Kommunal- og samfunnsplanavdelinga 

12 veker (6 veker
når klage er gitt
utsett iverksetting)

Klage etter privatskolelova – tilsvarande som for opplæringslova med omsyn til tema for klagen

Utdanningsavdelinga

 

1 månad – 6 veker

Klage etter sosialtenestelova

Helse- og sosialavdelinga

1 månad

Klage grunnskuleopplæring for vaksne – opplæringslova

Utdanningsavdelinga 

6 veker

Klage grunnskuleopplæring for vaksne – opplæringslova

Utdanningsavdelinga 

6 veker

Klage miljøverkemidla i jord og skog

Landbruksavdelinga

2 månader

Klage og dispensasjon –  produksjonstillegg i jordbruket

Landbruksavdelinga

3 månader

Klage permisjon frå opplæringa – opplæringslova

Utdanningsavdelinga 

1 månad

Klage permisjon frå opplæringa – opplæringslova

Utdanningsavdelinga 

1 månad

Klage på tvangsmedisinering i psykisk helsevern i institusjon

Helse- og sosialavdelinga

2 dagar

Klage på tvangsmedisinering i psykisk helsevern utanfor institusjon

Helse- og sosialavdelinga

2 veker

Klage på vedtak etter kommunelova § 59 A

Kommunal- og samfunnsplanavdelinga 

1 månad

Klage retten til eit godt psykososialt miljø – opplæringslova

Utdanningsavdelinga 

1 månad

Klage retten til eit godt psykososialt miljø – opplæringslova

Utdanningsavdelinga 

1 månad

Klage skuleplassering/nærskuleretten –opplæringslova

Utdanningsavdelinga 

1 månad

Klage skuleplassering/nærskuleretten –opplæringslova

Utdanningsavdelinga 

1 månad

Klage skyss – opplæringslova

Utdanningsavdelinga 

1 månad

Klage spesialundervisning for vaksne – opplæringslova

Utdanningsavdelinga 

6 veker

Klage spesialundervisning/spesialpedagogisk hjelp – opplæringslova

Utdanningsavdelinga

1 månad

Klage særskilt inntak vidaregåande opplæring – opplæringslova

Utdanningsavdelinga 

6 veker

Klage særskilt inntak vidaregåande opplæring – opplæringslova

Utdanningsavdelinga 

6 veker

Klage utvida rett vidaregåande opplæring – opplæringslova

Utdanningsavdelinga 

6 veker

Lovlegkontrollar – utdanning

Utdanningsavdelinga 

6 veker

Oppnemning av verje

Administrasjons- og verjemålsavdelinga

2 1/2 månad (oftast)

Rapportar etter dokumenttilsyn – barnehage og opplæring

Utdanningsavdelinga 

4 veker

Rapportar etter planlagde tilsyn

Helse- og sosialavdelinga

4 veker

Rapportar etter tilsynsbesøk – barnehage og opplæring

Utdanningsavdelinga 

2 veker

Rapportar etter tilsynsbesøk etter forureiningslova

Miljøvern- og klimaavdelinga

2 veker

Skriftlege spørsmål av prinsipiell karakter – utdanning

Utdanningsavdelinga

6 veker

Søknad om dispensasjon frå helsekrav til førarkort for motorkjøretøy

Helse- og sosialavdelinga

6 veker

Søknad om etablering av oppdrettsanlegg etter forureiningslova

Miljøvern- og klimaavdelinga

1 månad

Søknad om fri rettshjelp

Kommunal- og samfunnsplanavdelinga

2 månader

Søknad om godkjenning av bruk av kapital (verjemål)

Administrasjons- og verjemålsavdelinga

1 månad (oftast)

Søknad om godkjenning til å gje gåve/arveforskot (verjemål)

Administrasjons- og verjemålsavdelinga

6 månader

Søknad om kjøp og sal av eigedom (verjemål)

Administrasjons- og verjemålsavdelinga

3 måneder

Søknad om lån eller garanti (kommune)

Kommunal- og samfunnsplanavdelinga 

3 veker

Søknad om rovvilterstatning

Miljøvern- og klimaavdelinga

3 veker

Søknad om separasjon/skilsmisse

Kommunal- og samfunnsplanavdelinga

1 månad

Søknad om sjukeavløysing i landbruket

Landbruksavdelinga

1 månad

Søknad om tidlegpensjon i landbruket

Landbruksavdelinga

1 månad

Søknad om utsetjing av fisk etter lov om laksefiske og innlandsfiske m.m.

Miljøvern- og klimaavdelinga

1 månad

Søknad om verjegodtgjering

Administrasjons- og verjemålsavdelinga

1 1/2 månad (oftast)

 

Kontaktpersonar