Avdelingar

Fylkesmannen i Hordaland har seks avdelingar, i tillegg til embetsleiing og stab.

Miljøvern- og klimaavdelinga

Miljøvern- og klimaavdelinga forvaltar nasjonalt miljøregelverk og driv rettleiing om miljøverdiar i fylket. Vi skal bidra til at miljøpolitikken til regjeringa vert gjennomført på regionalt og lokalt nivå. Vi skal arbeide for ei berekraftig utvikling ved å hindre forureining og ta vare på naturmangfaldet. Viktige oppgåver er å vurdere og følgje opp utsleppsløyve, føre tilsyn, arbeid med forvaltning av viktige artar, naturtypar og verneområde, og gje uttale om miljøeffektar av inngrep i naturen på land, i vassdrag og sjø. Klima- og miljødepartementet og Miljødirektoratet er oppdragsgjevarane våre.

Til organisasjonskartet

Kommunal- og samfunnsplanavdelinga

Kommunal- og samfunnsplanavdelinga (KSA) skal sikre samordna handsaming av sentrale oppgåver innan samfunnsutvikling, planlegging og forvaltning. Avdelinga femner om plan- og beredskapsoppgåver, byggjesakshandsaming og ei mengd andre saksfelt knytte til kommunane i fylket. Fylkesberedskapssjefen er tett knytt til avdelinga, og står for den daglege koordineringa av arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap på embetet og i avdelinga.

Avdelinga har eit særskilt ansvar for å følgje opp økonomien i kommunane. Dette gjeld særleg ROBEK-kommunane, mellom anna gjennom kontroll av årsbudsjett og godkjenning av lån. Dei andre kommunane vert òg følgde opp gjennom tilbakemelding på budsjett og økonomiplanar og rettleiing i samband med økonomireglane og inntektssystema.

Til organisasjonskartet

Utdanningsavdelinga

Utdanningsavdelinga skal medverke til at den nasjonale barnehage- og utdanningspolitikken blir kjent og følgt opp av fylkeskommunen, kommunane og private eigarar av skule og barnehage. Vi informerer og rettleier innbyggjarane og lokale myndigheiter om lov og regelverk på området.

Avdelinga bidrar til å ivareta rettane og rettsvernet til barn, elevar, lærlingar, føresette og deltakarar i vaksenopplæringa. Det skjer mellom anna gjennom behandling av klager på enkeltvedtak. Med heimel i opplæringslova og barnehagelova fører avdelinga tilsyn med kommunane og fylkeskommunen. Avdelinga har òg oppgåver knytte til kontroll, klage og oppfølging av statlege tilskott.

Utdanningsavdelinga har det nasjonale ansvaret for opplæring innanfor kriminalomsorga.

Til organisasjonskartet

Landbruksavdelinga

Fylkesmannen skal medverke til å gjennomføre den nasjonale landbrukspolitikken ved hjelp av informasjon, forvaltning av verkemiddel og lokalt tilpassa tiltak. Landbruksavdelinga skal mellom anna:

  • gi råd og assistanse til kommunane
  • kontrollere kommunane
  • behandle klager på kommunale vedtak innanfor landbrukslovgivinga
  • arbeide saman med andre regionale etatar og organisasjonar for næringsutvikling innanfor jordbruk og skogbruk
  • arbeide for å nå nasjonale målsetjingar for omlegging til økologisk landbruk
  • arbeide for å avgrense nedbygging av dyrka og dyrkbar jord og skog

Landbruksavdelinga rettleier også kommunar, organisasjonar, næringsaktørar og bønder om moglegheitene som finst i det offentlege systemet. Avdelinga støttar opp under aktivitetar knytte til utvikling og bevaring av regionale matkulturar, kunnskapsoppbygging om mat og kunnskap om mat og helse, spesielt retta mot barn og unge.

Til organisasjonskartet

Helse- og sosialavdelinga

Helse- og sosialavdelinga skal medverke til at helse-, omsorgs-, sosial- og barnevernstenestene har god kvalitet og dekkjer befolkninga sitt behov. Vi behandlar klager og fører tilsyn med tenestene og med helsepersonell. Vi gir råd og rettleiing til dei som arbeider i tenestene, til innbyggjarane og lokale, regionale og nasjonale myndigheiter. Andre oppgåver er økonomisk rettleiing, dispensasjon og tilbakelevering av førarkort når helsekrava ikkje er oppfylte, turnusteneste og oppgåver som gjeld barnefattigdom og bustadsosialt arbeid. I samarbeid med dei andre avdelingane hos Fylkesmannen støttar vi opp under gjennomføring av samhandlingsreforma og folkehelsearbeid i kommunane.

Til organisasjonskartet

Administrasjons- og verjemålsavdelinga

Administrasjons- og verjemålsavdelinga er Fylkesmannen si fagavdeling for administrative funksjonar og har ansvar for interne økonomifunksjonar, arkiv- og dokumentasjonstenester, IKT, personal/HR og servicesenteret i Statens Hus, som mellom anna handsamer apostillar. Ved sidan av å vere rådgjevande og rettleiande i høve til alle avdelingane, har avdelinga eigne drifts- og forvaltningsoppgåver.

Avdelinga har i tillegg ansvar for å bygge opp og organisere ei ny, moderne og effektiv verjemålsforvaltning i embetet. Den nye verjemålslova og verjemålsreforma skal styrkje rettstryggleiken for personar som ikkje kan ta hand om eigne interesser. Fylkesmannen har tatt over verjemålsoppgåvene som tidlegare låg til overformynderia i kommunane Hovudoppgåvene er:

  • Gjere vedtak om verjemål
  • Utpeike verjer og engasjere faste verjer
  • Gje verjene opplæring og informasjon
  • Føre tilsyn med verjer
  • Stadfeste framtidsfullmakter
  • Utpeike verjer/representantar for einslige mindreårige asylsøkjarar

Til organisasjonskartet