Tre nye skogreservat i Hordaland

Kongen i statsråd vedtak 7. desember 2018 oppretting av tre nye naturreservat i Hordaland. Det er Alsåker i Ullensvang, Fyksesund i Kvam og Uranes i Granvin herad.

Uranes naturreservat. Foto: Magnus Johan Steinsvåg

Uranes naturreservat. Foto: Magnus Johan Steinsvåg


Føremålet med vern av skog på Alsåker er å ta vare på gammal edellauvskog med alm, ask og lind, som tidlegare har vore haustingsskog, og er representativ for indre strok av Hardangerfjorden. Ved å verne området i Fyksesund ønskjer ein å ta vare på eit område frå fjord til fjell, med stor økologisk variasjon og ulike skogtypar. Føremålet med utviding av Uranes naturreservat er å verne om eit større edellauvskogområde representativt for midtre strok av Hardangerfjorden.

Ein viktig del av verneformålet er at mangfaldet av artar og livsmiljøa deira skal få utvikle seg mest mogleg naturleg.

Følgj lenkje til nettsida til klima-og miljødepartementet for meir informasjon.