Tilrår vern av tre marine område

Framlegg om vern av tre større marine verneområde i Hordaland har vore til høyring i 2017. No har vi summert opp høyringa og sendt over saka til vidare handsaming i Miljødirektoratet. Fylkesmannen rår til vern av alle 3 områda.

Sjøkrepsen lever på mudderbotn i dei djupe fjordane våre. Foto Espen Rekdal ©

Sjøkrepsen lever på mudderbotn i dei djupe fjordane våre. Foto Espen Rekdal ©

Vestlandskysten er blant dei mest artsrike marine områda i Europa

Naturen i Hordaland er variert og særprega. Ikkje minst gjeld dette under havoverflata, sjølv om dette er ei verd dei fleste av oss ikkje får oppleve mykje av ved sjølvsyn. Det er dyrelivet på havbotnen som er i hovudfokus for marint vern. Om lag 50 000 ulike artar er påvist i norsk natur, av desse er omlag 6 000 marine artar funne i Hordaland. Vestlandskysten er blant dei mest artsrike marine områda i Europa, og det mest spesielle dyrelivet finst på store havdjup.

36 marine område i Noreg er vurdert verna, tre av dei i Hordaland

Kandidatområda for vern i Hordaland er:

  • Lurefjorden med Lindåsosane, i alt 71 kvadratkilometer
  • Krossfjorden, i alt 208 kvadratkilometer
  • Ytre Hardangerfjorden, i alt 77 kvadratkilometer

I alt femner verneframlegget om 355 kvadratkilometer av kystnaturen i Hordaland, og sjøareal i 10 av kommunane våre. Dei tre kandidatområda i Hordaland er ein del av den nasjonale marine verneplanen, som utgjer 36 ulike kystområde spreidd over heile landet. Samla skal denne verneplanen sikre at eit representativt utval av norsk kystnatur vert tekne vare på i eit langsiktig perspektiv.

Kaldtvasskorallrev, stortareskog, kronemanet og sild

Kandidatområda for marint vern i Hordaland har mange viktige naturfaglege kvalitetar. Viktige kaldtvasskorallrev finst både i Ytre Hardangerfjorden og Krossfjorden. I Krossfjorden er det store areal med stortareskog, eit naturmiljø som er det mest produktive vi har i landet og som også binder karbon meir effektivt enn skogen på land. I Lurefjorden finst ein uvanleg sterk førekomst av kronemaneten Periphylla periphylla, og Lindåsosane er vidt kjend for den særeigne sildestamma.

Steinkobben trivst godt i den frodige tareskogen. Foto: Espen Rekdal ©

Steinkobben trivst godt i den frodige tareskogen. Foto: Espen Rekdal ©

Vern for å sikre dyrelivet på botn

Det er primært dyrelivet på botnen som vert sikra vern gjennom denne planen. Hausting av marine ressursar er lov i norske marine verneområde, men dette må skje med reiskap som ikkje skadar naturmiljøet på havbotnen. Det betyr i praksis at botntrål ikkje kan nyttast. Dermed vert tråling etter tare forbode i desse områda dersom vern vert ein realitet. Det same gjeld mellom anna opptak av skjelsand. Dette er aktivitetar som uansett ikkje har vore aktuelle tidlegare i kandidatområda i Hordaland. 

Eksisterande oppdrettsanlegg kan drive som før

Ingen pågåande aktivitet vert forbode dersom dei marine kandidatområda i Hordaland vert verna. Dette gjeld også akvakultur. Eksisterande oppdrettsanlegg kan drive som før innanfor rammene som er sett i løyva etter gjeldande sektorlov. Søknadar om nye oppdrettsanlegg skal handsamast av sektorlovene som før, men i tillegg vurderast i høve til verneføremålet i verneforskrifta. Dersom tiltaket vert godkjent etter sektorlovene og tilhøyrande vurdering etter miljørettsprinsippa i naturmangfaldlova er kurant, vil tiltaket normalt vere i tråd med verneføremålet og kan aksepterast.

Få merknadar til Lurefjorden og Lindåsosane, fleire i dei andre områda

Verneframlegga vart sendt til høyring til 165 ulike instansar. I alt 47 instansar eller einskildpersonar har gitt uttale til planane. Det er få merknader til framlegget om vern av Lurefjorden og Lindåsosane. Det er fleire merknader til dei to andre områda, dei fleste er knytt til uro omkring kva verneframlegget vil ha å seie for framtidig utvikling av akvakulturverksemd.

Vidare saksgang

Miljødirektoratet skal no vurdere utfallet av høyringa, og eventuelt sende saka vidare til endeleg handsaming i Klima- og miljødepartementet. Dersom vern vert ein realitet for nokre av eller alle desse områda, vil dette skje ved kongelege resolusjonar.