Verneområde

Den største trusselen mot naturmangfaldet i Noreg er at leveområde for dyr og plantar blir øydelagde og delte opp. Naturreservat, nasjonalparkar og andre verneområde bidreg til å ta vare på naturverdiar og bevare område av internasjonal, nasjonal og regional verdi. Verneområde kan også opprettast for å ta vare på eigenart og kulturminne i landskapet.

Forvaltning av verneområda

Ansvaret for å forvalte verneområda er delt mellom sentrale og lokale styresmakter. Fylkesmannen er forvaltningsstyresmakt i dei fleste naturreservata. Frå 2010 har kommunar med areal i nasjonalparkar og større landskapsvernområde fått tilbod om å overta forvaltningsansvaret. Det er oppretta fleire interkommunale verneområdestyre. Ein statleg tilsett verneområdeforvaltar er sekretær for styra.

Forvaltningsstyresmaktene skal først og fremst handheve vernereglane og utarbeide forvaltnings- og skjøtselsplanar. Dei har også ansvar for informasjon og merking i verneområda. Dette gjer dei i samarbeid med Statens naturoppsyn (SNO).

Du kan ferdast i verneområda

Allemannsretten gir deg høve til å ferdast fritt i verneområda. All ferdsel må skje omsynsfullt, slik at dyr og plantar ikkje blir skadde eller forstyrra. I enkelte område kan det vere ferdselsforbod delar av året, som i hekke- og yngletida. Av omsyn til dyrelivet er det forbode å jakte i fuglefredingsområde og ein del naturreservat, men i mange verneområde kan du jakte og fiske så sant du har gyldig jakt- og fiskekort. Du kan fritt plukke bær og sopp.

Det er eit mål at motorisert ferdsel i verneområda skal avgrensast, både av omsyn til dyre- og plantelivet og faren for sporskadar, og for at ein skal kunne oppleve naturen utan forstyrrande bråk. 

Vis meir


17.04.2018

Forvaltingsplan for Kalandsvika naturreservat

Fylkesmannen i Hordaland har godkjent forvaltingsplanen for Kalandsvika naturreservat. Naturreservatet ligg nordaust for Kalandsvatnet i Bergen kommune.


12.04.2018

Oppstart av frivillig skogvern i Lio i Os

Etter ønskje frå grunneigar og Vestskog SA, melder vi start av arbeid med frivillig skogvern i Lio i Os kommune. Frist for innspel er 4. mai 2018.


06.04.2018

Opning av fugleobservasjonstårn på Herdla

Den 19. april blir det nye fugleobservasjonstårnet på Herdla offisielt opna. Det blir eit enkelt program med foredrag på Herdla museum etterfulgt av kaffiservering ved tårnet.


19.03.2018

Høyring av frivillig skogvern på Alsåker, Skåro og Uranes

Etter ønskje frå grunneigar og Vestskog SA, melder vi med dette start av arbeid med frivillig skogvern på Alsåker i Ullensvang, Skåro i Fyksesund i Kvam og i Uranes i Granvin herad. Frist for innspel er 23. mai 2018.


06.02.2018

Oppstart av frivillig skogvern i Kvam og Granvin

Etter ønskje frå grunneigarar og Vestskog SA, melder vi med dette offisiell start av arbeid med frivillig skogvern på Skåro i Fyksesund i Kvam og i Uranes i Granvin herad. Frist for innspel er 5. mars 2018.


10.01.2018

Oppstart av frivillig skogvern på Alsåker i Ullensvang

Etter ønskje frå grunneigar og Vestskog SA, melder vi med dette offisiell start av arbeid med frivillig skogvern på gnr. 114 bnr. 2 på Alsåker i Ullensvang.


20.11.2017

Forvaltingsplan for Fedjemyrane landskapsvernområde

Fylkesmannen i Hordaland har no utarbeidd forvaltingsplan for Fedjemyrane landskapsvernområde. I forvaltingsplanen oppsummerer vi korleis vi ønskjer at området skal forvaltast i åra framover. 


08.11.2017

Tilrår vern av tre marine område

Framlegg om vern av tre større marine verneområde i Hordaland har vore til høyring i 2017. No har vi summert opp høyringa og sendt over saka til vidare handsaming i Miljødirektoratet. Fylkesmannen rår til vern av alle 3 områda.


25.10.2017

Ny forvaltingsplan for Kalandsvika naturreservat

Forslag til forvaltingsplan for Kalandsvika naturreservat ligg no ute til offentleg ettersyn. Frist for uttale er 4. desember 2017.


29.09.2017

Brenner sitkagran på holmar ved Herdla

Herdla naturreservat er det rikaste fugleområdet i Hordaland, men fuglane har få gode hekkeplassar. Som mange stader langs kysten er holmane rundt Herdla planta til med sitkagran. No er sitkagrana fjerna, og holmane blir svidd av for å få tilbake eit meir fuglevenleg landskap.


Fleire nyhende