Vatn

Vatn er ein livsnødvendig ressurs for alle. Vi har mykje reint vatn i Noreg, men ikkje alt vatnet har like god kvalitet.

Dette er dei viktigaste årsakene til dårleg vasskvalitet:

  • forureining som forsuring, overgjødsling og spreiing av miljøgifter
  • fysiske endringar som vassdragsregulering, hindringar som for eksempel vegar og jernbaner, og grøfting og andre tiltak som styrer vatnet i kanalar
  • biologiske påverknader som framande fiskeartar, rømt oppdrettsfisk og lakselus

Samarbeid om vassforvaltning
Vatnet renn dit det vil. Dei fleste vasskjeldene strekkjer seg over fleire kommunar eller fylke, og nokre deler vi med nabolanda våre. Derfor må vatnet forvaltast i samarbeid mellom lokale, regionale og sentrale styresmakter. Her samarbeider vi også med nabolanda Sverige, Finland og Russland. 

Noreg er delt inn i elleve vassregionar. Éin fylkeskommune i kvar region er peikt ut som vassregionstyresmakt. I 2015 skal styresmaktene vedta regionale vassforvaltningsplanar med konkrete tiltak. Dette er ein del av innføringa av EUs rammedirektiv for vatn.

Fylkesmannens oppdrag
Klima- og miljødepartementet er ansvarleg styresmakt for innføringa av EUs rammedirektiv for vatn. Fylkesmannen er departementets representant på regionalt nivå, og skal 

  • samle kunnskap om tilstanden på vatnet og gi ei vurdering av miljøtilstanden
  • overvake og kartleggje problem
  • fungere som miljøfagleg rådgivar for andre involverte styresmakter

Vatnet blir påverka på mange ulike måtar. Omsynet til at vi skal ha reint vatn no og i framtida, må vere ein del av vurderinga på alle fagområde.

Vis meir


16.05.2018

Godt grunnlag for vidare arbeid med flaumsikring i Opo

Fylkesmannen uttaler at forprosjekt om flaumluke i Sandvinvatnet gir grunnlag for vidare planlegging av sikringstiltak i Opo. Lukealternativet er mindre konfliktfylt for vassdragsnaturen enn bygging av kraftverk.


29.01.2018

Mange vassdragssaker også i 2017

Talet på nye søknader om vasskraftutbygging har halde seg høgt i Hordaland også i 2017. Sentrale styresmakter ga konsesjon til mange nye utbyggingar, men har og avslått mange. 


16.08.2017

Nei til meir kraftutbygging i Valldalen

Olje- og energidepartementet har avslått fire kraftutbyggingsprosjekt i Valldalen i Odda. Grunngjevinga er at utbygging vil vere i strid med nasjonalt villreinområde på Hardangervidda, friluftsinteresser og landskap.


03.07.2017

Vegetasjonen langs vassdrag skal takast vare på

Den vanlege vegetasjonen inntil vassdrag og vatn har eit særskilt vern etter vassressurslova. Du kan ikkje ta bort denne vegetasjonen utan å søke Fylkesmannen. Fylkesmannen i Hordaland har oppheva vedtak i Kvinnherad kommune der kommunen ikkje tok omsyn til vegetasjonen langs vassdrag.


10.03.2017

Regelverk for inngrep i vassdrag

Flaum har store følgjer for vassdraga våre, og kommunane får fleire planar og søknader om tiltak for å førebyggje eller reparere skadane. Regelverket for tiltak i vassdrag er komplisert, og vi har samla informasjon om korleis sakene skal handsamast.


31.01.2017

Framleis kalking av forsura ferskvatn

Det er nedbør forureina av svovel- og nitrogen som gjer at innsjøar og elvar i Noreg kan bli unaturleg sure. I 2016 blei det i Hordaland nytta om lag 6 millionar kroner til kalking for å redusere skadane på biologisk mangfald i vatn av denne forsuringa.


25.01.2017

Vassdraga er fortsatt under press

Interessa for ny vassdragsutbygging i Hordaland heldt fram også i 2016. På landsbasis har talet på nye konsesjonssøknader begynt å gå ned, men i Hordaland er talet fortsatt høgt.


22.12.2016

No kan du søke om tilskot til miljøtiltak

Kommunar, organisasjonar og private kan no søkje om økonomisk støtte til tiltak for å betre miljøtilstanden i Hordaland.


28.10.2016

Fylkesmannen går mot kraftutbygging i Øystesevassdraget

Fylkesmannnen skriv i brev til Olje- og energidepartementet at det ikkje bør opnast for kraftutbygging i Øystesevassdraget fordi den samla belastninga på landskap og natur er for stor.


22.04.2016

Haukåselva får nye innbyggjarar

Den 20. april vart 185 unge elvemuslingar satt ut i Haukåselva i Bergen. Elvemuslingane er ala fram i kunstige elvar på Austevoll, og skal vere framtida for den elles forgubba bestanden i Haukåselva. Utsetjinga er ein viktig milepel i arbeidet med å ta vare på trua bestandar av elvemusling i Noreg.


Fleire nyhende