Rovvilt

Bjørn, ulv, gaupe, jerv og kongeørn er rekna som rovvilt. Det er eit hovudmål å sikre levedyktige bestandar av dei fire store rovdyrartane og av kongeørn. Samtidig er det eit mål å halde oppe eit aktivt jordbruk for å utnytte beiteressursane for sau og rein i utmark. For å nå dette todelte målet må rovviltbestanden forvaltast, samtidig som jordbruket må tilpassast noko i kjerneområda for rovvilt.

Dette er nokre av Fylkesmannens oppgåver i forvaltninga av rovvilt:

  • tildele midlar til førebyggjande tiltak mot rovviltskadar og behandle søknader om erstatning for skadar som freda rovvilt har gjort på bufe
  • behandle søknader om båsfangst av jerv og gaupe
  • gi løyve til skadefelling av gaupe, jerv, ulv og bjørn innanfor tildelt kvote frå rovviltnemnda
  • stå for forvaltninga av kongeørn, mellom anna å vurdere søknader om skadefelling
  • vere sekretariat for den regionale rovviltnemnda, som skal sørgje for at rovdyrstammane blir forvalta slik at talet på dyr er så nær bestandsmålet i regionen som mogleg

Vis meir


04.01.2018

Gir løyve til felling av jerv

Fylkesmannen har gitt løyve til skadefelling av ein jerv i Odda kommune fram til og med 15. februar. Det regionale fellingslaget for rovvilt i Hordaland har ansvar for fellingsforsøket.


09.10.2017

Snart frist for å søke rovvilterstatning

Når husdyr blir drepne eller skada av freda rovvilt skal staten yte erstatning til dyreeigaren. Føresetnaden er at krava i erstatningsforskrifta er oppfylte, og at dyreeigaren har gjort sitt for å dokumentere at tapa skuldast rovvilt. Søknaden skal leverast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter innan 1. november.


31.08.2017

Forlenger løyve til felling av jerv

Fylkesmannen utvidar perioden for betinga skadefelling av jerv i eit område i Odda, Ullensvang og Eidfjord kommunar. Løyvet er gitt til det regionale fellingslaget for rovvilt i Hordaland og gjeld til og med 14. september.


18.08.2017

Løyve til felling av jerv

Fylkesmannen har gitt løyve til skadefelling av ein jerv i Odda, Ullensvang og Eidfjord kommunar. Løyvet gjeld frå 18. august til og med 31. august. Det regionale fellingslaget for rovvilt i Hordaland er ansvarlege for fellingsforsøket.


06.07.2017

Kva gjer ein viss ein mistenkjer tap til freda rovvilt?

Det viktigaste ein må tenkje på når ein mistenkjer tap husdyr til freda rovvilt er dokumentasjon. Det er heilt sentralt for utmåling av erstatning for husdyr drepne av freda rovvilt. Statens naturoppsyn (SNO) utførar dokumentasjonsarbeid, medan Fylkesmannen handsamar erstatnings- og skadefellingssøknadar.


19.05.2017

Informasjonsmøte om rovvilt og beitedyr på Voss

Fylkesmannen inviterer til informasjonsmøte om rovvilt i Hordaland på Voss Tinghus 29. mai kl. 19.30.


20.04.2017

Jerv felt i Suldal

Tysdag 18. april gjennomførte Statens naturoppsyn ekstraordinært uttak av ein hannjerv ved Kvanndalsvatnet i Suldal kommune. Grunnlaget for uttaket er at jerv har tatt sau i Hordaland og Rogaland dei siste to åra.


22.12.2016

No kan du søke om tilskot til miljøtiltak

Kommunar, organisasjonar og private kan no søkje om økonomisk støtte til tiltak for å betre miljøtilstanden i Hordaland.


17.10.2016

Snart frist for å søke rovvilterstatning

Når husdyr blir drepne eller skada av freda rovvilt skal staten yte erstatning til dyreeigaren. Føresetnaden er at krava i erstatningsforskrifta er oppfylte, og at dyreeigaren har gjort sitt for å dokumentere at tapa skuldast rovvilt. Søknaden skal leverast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter innan 1. november.


06.09.2016

Forlenger løyve til felling av jerv

Det regionale fellingslaget for rovvilt i Hordaland fekk 18. august løyve til felling av ein skadegjerande jerv knytt til den vestre delen av Hardangervidda. På bakgrunn av nye kadaverfunn helga 3.-4. september forlenger vi no løyvet til å gjelde ut fredag 9. september.


Fleire nyhende