Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Klima-og miljøministeren besøkte elvemuslingane


Tysdag 19. august var Klima - og miljøministeren og besøkte det nasjonale elvemuslinganlegget på Austevoll. I dag er det også 40 000 andre gjester på hotellet, og mange av dei er over 150 år gamle.

Publisert 20.08.2014


Elvemusling i trygge hender hjå Klima-og miljøministeren. Departementet støttar via miljødirektoratet arbeidet med å ta vare på trua elvemuslingbestandar i anlegget. Utan slik økonomisk støtte vil mange av bestandane forsvinne. Foto: Magnus Johan Steinsvåg


Nasjonalt ansvar

Over 95% av elvemuslingbestandane i Europa er utrydda, og om lag halvparten av dei gjennlevande elvemuslingane lever i Noreg. Men også her er arten nasjonalt raudlista som trua. Utan nødhjelp vil endå fleire bestandar forsvinne frå vassdraga våre.

Livsviktig hotellopphald

Spesialanlegget på Austevoll husar mange av dei mest trua bestandane av elvemusling i Noreg. Professor Per Johan Jakobsen frå Universitet i Bergen leiar arbeidet og gav ei innhaldsrik og spanande tour gjennom elvemuslingen sine livssyklusar i anlegget. Jarl Koksvik frå Miljødirektoratet hadde også eit kort innlegg om det nasjonale arbeidet for elvemusling. I dag er det 40 000 elvemuslingar frå 45 ulike bestandar frå store delar av landet. Elvemuslingane skal setjast ut at i «heimelvane» når dei er gamle nok og er over den mest sårbare livsfasen dei første leveåra.

Gamle og nye synder

På 1600 og 1700- talet var det særleg omfattande perlefiske som desimerte bestandane. Men i dag er det forureining både i form av næringstilsig frå kloakk og landbruksområde, og jord – og steinpartiklar frå utbyggingar i nedbørsfelta som verkar inn på levekåra til elvemuslingane i Hordaland. Siste bestand som vart utrydda var i 2011 Mjåtveitelva i Meland kommune.

Bergingsaksjonen i Hordaland

Hotellopphaldet vil sikra god rekruttering til bestandane og er ein kritisk faktor for å ta vare på elvemuslingen. Men parallelt må vi også betra levekåra i elvane kor dei skal heim att. Smartare arealplanlegging, auka forureiningstilsyn og miljøtilskot innan landbruket (Miljøavtale Elvemusling) er nokre av tiltaka i Hordaland. 

Av totalt 21 bestandar har vi berre 2 livskraftige førekomstar att i dag i Hordaland. 10 av bestandane er utrydda og resten er trua.

Vi ser fram til den første tilbakeføring av elvemuslingar i Hordaland i 2015.


Elvemuslingen er både ein miljøindikator og nøkkelart i økosystemet. Ein elvemusling kan filtrere og "reinse" opptil 50 liter vatn i døgnet og på den måten betra levekåra for både fisk og anna liv i vassdraget. Det er eit kvalitetsstempel å ha sunne elvemuslingbestandar i vassdraga våre.