Kartlegging av naturtypar i Hordaland i 2018

Sommaren og hausten 2018 blir det på oppdrag frå Miljødirektoratet gjennomført kartlegging av naturtypar i delar av Fjell og Øygarden kommunar og Kvam herad.

Ein del av kunnskapsløftet for natur

Kartlegginga er ein del av kunnskapsløftet for natur som vart vedtatt av Stortinget i 2015, og inngår i eit landsomfattande prøveprosjekt med heildekkande kartlegging av naturtypar etter ny metodikk (Natur i Norge - NiN). Målet er å få betre og meir nøyaktig oversikt over naturareala, mellom anna til bruk i kommunen si arealforvalting. Kartlegginga inneber ikkje naturvern.

To område skal kartleggast i 2018

I Hordaland skal det kartleggast i to større område – eit i området Ågotnes – Toftøyna, nord i Fjell og sør i Øygarden kommune, og eit i området Gravdal – Strandebarm i Kvam herad. Det blir kartlagt i ruter på 500 x 500 m, og områda dekkjer høvesvis 154 og 177 ruter. Lenke til kart over områda finn du til høgre på denne sida. 

I 2016 vart det kartlagt på same måte i åtte mindre område i fylket, og i 2017 i fire område. 

Kartleggarane kan ta kontakt med grunneigarar

Feltarbeidet medfører ferdsel på utmark etter ferdselsretten i friluftslova. I grenseland mellom ut- og innmark, til dømes i område med ekstensivt drivne slåttemarker og naturbeite, vil kartleggarane så langt det er praktisk mogleg ta kontakt med grunneigar.

Spørsmål kan rettast til Miljødirektoratet eller Fylkesmannen

Spørsmål om oppdraget kan rettast til Miljødirektoratet, gjerne på e-postadressa ninkartlegging@miljodir.no.

Fylkesmannen er orientert om aktiviteten, og spørsmål kan òg rettast hit: Tlf. 55 57 23 15, fmhooov@fylkesmannen.no.