Hjelp oss å ta vare på Åkerriksa

Tenk på åkerriksa i slåtten. Åkerriksa er kritisk trua i Noreg, og vi prøver å ta vare på dei som enno finst her. Derfor vil vi gjerne ha beskjed om du observerer ho.

Åkerrikse

Åkerrikse (Foto: Roy Mangersnes)

Åkerriksa 

Åkerriksa er sky og blir nesten aldri sett, men den karakteristiske songen kan høyrast godt om nettene no på forsommaren. Slik høyrest ho ut. Åkerriksa hekkar i ope kulturlandskap og andre område med høg gras- og urtevegetasjon. Tidlegare var ho vanleg i låglandet i Noreg nord til kysten av Helgeland, men på slutten av 1800-talet byrja bestanden å gå kraftig tilbake, og i 2008 vart det berre registrert omlag 100 syngande hannar. Dei fleste av desse finn vi i Hedmark, Oslo og Akershus og Rogaland. Men òg i Hordaland finn vi framleis Åkerriksa nokre stader.

Trua av moderne landbruksdrift

Nedgangen i talet på åkerrikser skuldast i hovudsak dei store omleggingane av landbruket frå slutten av 1800-talet og fram til i dag.

Åkerriksa hekkar i kultureng og kornåkrar og kjem dermed i konflikt med moderne jordbruksdrift med effektive maskinar og fleire avlingshaustar. Egg og ungar blir ofte øydelagde eller drepne i møte med slåmaskinar, fôrhaustarar eller skurtreskarar.

Åkerrikseprosjektet

Nedgangen fram mot 1990-tallet gjorde at Norsk Ornitologisk Forening (NOF) i 1995 starta eit prosjekt for å ta vare på åkerriksa.

Sidan åkerriksa stort sett held seg på jordbruksareal, har dei oppretta eit samarbeid med Bondelaget, som oppmodar bønder om å følgje med og å gi beskjed om dei har åkerrikser på garden sin, samt å legge tilhøva til rette for at åkerriksa skal få til vellukka hekking. Det finst gode tilskots- og erstatningsordningar for bønder som vil gjennomføre slike tiltak. Tiltaka er frivillige.

Aktuelle tiltak for å få auke sjansen for vellukka hekking kan vere å utsetje slåtten på eit aktuelt areal, å slå saktare, å endre slåttemønsteret, m.m. Les meir om dette i denne brosjyra.

For at vi skal vite kor det er aktuelt med slike tiltak må vi vite kor åkerriksa hekkar. Til dette treng vi hjelp, og vi ber derfor om at dei som høyrer åkerriksa synge i sommarnatta gir oss beskjed om det!

Om du høyrer åkerriksa....

ber vi om at du anten registrerer dette i artsobservasjoner.no, eller tek kontakt med ditt lokale landbrukskontor, eller med Fylkesmannen i Hordaland.