Fjernar vestamerikansk hemlokk i Langeskogen

I tida fram mot årsskiftet blir det hogd vestamerikansk hemlokk i Langeskogen ovanfor Fjøsanger gård. Arbeidet er ein del av Fylkesmannen sitt arbeid mot innførte, skadelege artar.

Hemlokk i Langeskogen

Hemlokk i Langeskogen (Foto: Ragni Nordås / Ragni Nordås)

Hemlokk i skogbruket

Vestamerikansk hemlokk har blitt planta som dyrkingstreslag i Noreg sidan 1870-talet. På 1920- og 30-talet vart treslaget vurdert som eit interessant alternativ for kystskogbruket, først og fremst som råstoff for papirindustrien. Fram mot 1950- og 60-talet vart hemlokk planta i forsøksskogar og spreidd i kulturfelt fleire stader, særleg på Vestlandet, og med eit tyngdepunkt i midtre strok av Hordaland. Ein kombinasjon av treslaget sine eigenskapar, låge prisar og lite volum gjorde at treslaget aldri vart ein kommersiell suksess, og det blir ikkje lenger planta i skogkultur. I dag blir hemlokk vurdert som eit uønskt treslag i skogbruket, mellom anna fordi den skapar problem for forynging av norsk gran. Hemlokk har òg blitt nytta som prydtre i hagar, parkar og som hekkplante.

Hemlokk som problemart

Vestamerikansk hemlokk er oppført på Artsdatabanken si svarteliste over innførte, skadelege artar som ein art med svært høg risiko. Treslaget er svært spreiings- og konkurransedyktig, og har potensiale til å endre naturmiljøet - òg på landskapsnivå. Fleire stader dannar hemlokk tett skog og skuggar ut all annan vegetasjon. Hemlokk viser sterk forynging og spreiing i Hordaland, særleg i Bergensområdet, og trugar det stadeigne artsmangfaldet.

Sjølv om vi ikkje veit det sikkert, kan arten på lengre sikt kome til å dominere store delar av skoglandskapet vårt. Langeskogen er eit av dei områda der hemlokk er i sterk spreiing, og her trugar den både eldre furuskog og Fjøsanger landskapsvernområde. Området er difor eitt av områda der Fylkesmannen ønskjer å fjerne arten for å sikre naturverdiane for framtida. Målet er å utrydde hemlokk frå Langeskogen.

Hogsten blir gjennomført i haust

Hogsten blir utført av Haugsvik Skog AS på oppdrag frå Fylkesmannen. Forventa oppstart på arbeidet er slutten av oktober eller tidleg i november. Hogsten vil halde fram i om lag to månader, og vere fullført rundt nyttår.