Naturmangfald

Naturen skal forvaltast slik at plantar og dyr som finst naturleg i Noreg, skal sikrast i levedyktige bestandar. Vi skal også ta vare på den variasjonen som finst i naturtypar, landskap og geologi.

Alle har ansvar for naturmangfaldet

Alle typar inngrep i naturen kan true naturmangfaldet. Vi må derfor alltid vurdere konsekvensane av inngrep som for eksempel større vegar eller nye bustadområde.

Dei to viktigaste lovene for å sikre naturmangfaldet er naturmangfaldlova og plan- og bygningslova. Naturmangfaldlova pålegg styresmaktene å vurdere tiltak når naturen er trua.

Fylkesmannen er med på å sikre at leveområde, artar og naturressursar blir tekne vare på, blant anna ved å kontrollere at kommunane følgjer naturmangfaldlova, og sørgje for at kunnskap om miljøet blir lagt til grunn for kommunale avgjerder.

Trua artar og naturtypar

Meir enn 2000 plante-, sopp- og dyreartar står i fare for å bli utrydda i Noreg.  Regjeringa har peikt ut nokre av dei trua artane og naturtypane som «prioriterte artar» eller «utvalde naturtypar». Desse blir det teke særleg omsyn til i forskrifter til naturmangfaldlova. Fylkesmennene har ansvar for det faglege grunnlaget for nye handlingsplanar for trua artar og naturtypar, og for å gjennomføre tiltaka når planane er vedtekne. I mange tilfelle blir tiltaka utførte i samarbeid med grunneigarar, kommunar og foreiningar. 

Framande artar

Framande artar er plantar og dyr som ikkje høyrer naturleg heime i naturen vår. Meir reising, meir handel og eit mildare klima er nokre av årsakene til at det kjem nye framande artar til Noreg.

Det er viktig at framande artar ikkje skadar økosystema våre. Fylkesmennene deltek i arbeidet med å nedkjempe framande skadelege artar, blant anna ved å fjerne framande plantar frå verneområde og informere hageeigarar om kva for plantar dei helst ikkje bør bruke. Fylkesmannen har også oppgåver knytte til kartlegging og overvaking av framande artar.

Vis meir


06.07.2018

Enkel handlingsplan mot framande, skadelege artar i Hordaland

Fylkesmannen i Hordaland har utarbeidd ein enkel handlingsplan mot framande, skadelege artar


05.07.2018

Ta vare på kystregnskogen!

Hordaland, og særleg Sunnhordland, har vist seg å vere ein «hot-spot» for regnskog i Noreg. Dette har kome fram gjennom eit omfattande kartleggingsarbeid i perioden 2012-2017 i regi av Miljødirektoratet. Ein rapport som oppsumerar resultata frå denne kartlegginga vart publisert tidlegare i år. Aktuelle skogeigarar er orienterte om resultata frå kartlegginga.


08.06.2018

Hjelp oss å ta vare på Åkerriksa

Tenk på åkerriksa i slåtten. Åkerriksa er kritisk trua i Noreg, og vi prøver å ta vare på dei som enno finst her. Derfor vil vi gjerne ha beskjed om du observerer ho.


01.06.2018

Kartlegging av naturtypar i Hordaland i 2018

Sommaren og hausten 2018 blir det på oppdrag frå Miljødirektoratet gjennomført kartlegging av naturtypar i delar av Fjell og Øygarden kommunar og Kvam herad.


29.01.2018

Miljøtiltak som har fått støtte i 2017

I 2017 ble det tildelt nesten 7 millionar kroner til tiltak for å ta vare på trua artar og trua naturtypar. Her er eksempel på nokre av dei tiltaka som fekk støtte. 


12.12.2017

Søk om tilskot til miljøtiltak i 2018

Kommunar, organisasjonar og private kan no søkje om økonomisk støtte til tiltak for å betre miljøtilstanden i Hordaland.


17.11.2017

Hagerømlingar - hageplantar som blir miljøproblem

Fleire av plantane du har i hagen din kan skade naturmangfaldet om dei kjem seg forbi hagegjerdet og ut i naturen. Fylkesmannen har laga ein brosjyre der du som hageeigar, distributør av plantar eller entreprenør får tips til kva du kan gjere for å hindre spreiing av slike artar. 


02.11.2017

Fjernar vestamerikansk hemlokk i Langeskogen

I tida fram mot årsskiftet blir det hogd vestamerikansk hemlokk i Langeskogen ovanfor Fjøsanger gård. Arbeidet er ein del av Fylkesmannen sitt arbeid mot innførte, skadelege artar.


27.09.2017

Dagskonferanse om naturmangfald i sjø

Fylkesmannen inviterte til dagskonferanse om naturmangfald i sjø tysdag 7. november 2017. Vi retta søkjelyset på kunnskapsstatus om naturmangfald i sjø, og korleis vi nytter dette i forvaltninga av dei marine økosystema.

Du finn innlegga i menyen til høgre. 


18.08.2017

Kartlegg rynkerose i Hordaland

Den framande, svartelista arten rynkerose skal kartleggast for å få betre kunnskap om spreiing og om planten trugar det opprinnelege biologiske mangfaldet.


Fleire nyhende