Kommunar får midlar til klimasatsing

Utklipp frå Bergen kommune si brosjyre om samkjøringskampanje
Utklipp frå Bergen kommune si brosjyre om samkjøringskampanje (Foto: Bergen kommune)

Fleire kommunar i Hordaland har også i 2018 motteke statlege Klimasats-midlar frå Miljødirektoratet. Midlane skal gå til tiltak som bidrar til reduksjon i klimagassutslepp og omstilling til lågutslepp-samfunnet.

Støtteordninga Klimasats vart etablert i 2016. Samla budsjettramme er i år på 150 mill kroner. Det er Miljødirektoratet som tildeler midlane, etter samråd med Fylkesmannen. Samla søknadssum i  Hordaland var i 2018 var på om lag 20 mill kroner. Det er gitt tilsagn om tiltak til nærare kr 10 mill i Hordaland.

Mange av prosjekta er knytt til klimavenleg transport, som etablering av ladepunkt for kommunale el-biler. Andre prosjekt er knytt til areal- og transportplanlegging, eller dei vil bidra til klimagassreduserande tiltak i ulike sektorar, til dømes innan bygg- og anlegg.

I Hordaland kom det inn søknader frå om lag 10 kommunar og det er gitt tilsagn til 6 kommunar. Spesielt har Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune vore aktive og fått ein stor del av midlane. Men i år har også kommunane Voss, Fjell, Austrheim og Askøy motteke midlar. Det er  potensiale for at fleire kommunar i Hordaland søkjar midlar over denne budsjettposten i åra framover.

Du finn alle søknader og tilsagnsbrev på nettsida Miljøkommune.no/Klima. Oversynet er sortert etter fylke.

Kontaktpersonar

Kommunane sine energi- og klimaplanar er viktige grunnlag for klimasatsløyvingar

Kommunane sine energi- og klimaplanar er viktige grunnlag for klimasatsløyvingar