Friluftsliv

Alle skal ha høve til å oppleve friluftsliv i naturen og i nærmiljøet, for eksempel å gå turar, å plukke bær og sopp, og å jakte og fiske. Å leggje til rette for friluftsliv er eit viktig tiltak for betre folkehelse. 

Fylkesmannen skal ta hand om nasjonale friluftsinteresser knytte til strandsona, vassdrag og fjellområde. Fylkesmannen er regional representant for staten som grunneigar i dei sikra friluftsområda.

Under behandlinga av saker om arealdisponering skal både Fylkesmannen, fylkeskommunen og kommunane ta omsyn til allmenta må få høve til å oppleve friluftsliv. Fylkeskommunen kan gi tilskot til tiltak som motiverer til å delta i friluftsliv, og til å sikre og opparbeide friluftsområde. 

Jakt og fiske

Alt vilt er freda dersom ikkje anna er bestemt i lova eller ved eigne vedtak. Det er Miljødirektoratet som fastset jakttida for ulike artar, men kommunane kan forlengje eller forkorte jakttida for enkelte artar. I verneområde kan det gjelde spesielle reglar for jakt eller vere jaktforbod. Kommunane er styresmakt for det meste av viltforvaltninga, mens fylkeskommunen har ein rettleiarfunksjon og Fylkesmannen er klageinstans.

Fylkesmannen har ansvar for forvaltninga av laks og sjøaure, sårbare bestandar av innlandsfisk og fisk i regulerte vatn. Fylkesmannen samlar inn fangststatistikk frå lakse- og sjøaurefisket, registrerer deltaking i sjølaksefisket og deler ut tilskot frå det statlege fiskefondet. Overvaking er viktig for å kunne ta vare på og styrkje fiskebestandane. Fylkesmannen har tett kontakt med grunneigarar og jakt- og fiskelag, og samarbeider tett med politiet, Statens naturoppsyn og Kystvakta om oppsyn med fiskeressursane.

Miljødirektoratet har ansvar for fiskereguleringar i elv og sjø og utarbeider forskrifter for fiske av laks og sjøaure.

Fylkeskommunen har ansvar for innlandsfisk av ikkje-trua bestandar i vatn som ikkje er regulerte. Fylkeskommunen har dessutan ansvar for tildeling av fiskeoppdrettskonsesjonar. 

Vis meir


22.12.2016

No kan du søke om tilskot til miljøtiltak

Kommunar, organisasjonar og private kan no søkje om økonomisk støtte til tiltak for å betre miljøtilstanden i Hordaland.


07.04.2016

Ny stortingsmelding om friluftsliv

Hovudmålsetjinga for friluftspolitikken er å få flest mogeleg til å drive jamleg friluftsliv. Kommunane i Hordaland arbeider med å kartleggje og verdsette friluftsområda sine.


08.03.2016

Fortsatt stor interesse for ny vasskraftutbygging i Hordaland

Talet på søknader om ny vasskraftutbygging i Hordaland heldt seg høgt også i 2015. Fylkesmannen fekk i fjor nær 20 nye konsesjonssaker til uttale, mellom anna fleire i Masfjorden, Voss/Vaksdal og Hardanger. Energistyresmaktene slutthandsama i fjor om lag 30 konsesjonssaker frå Hordaland. 


16.04.2015

Vil skjerme friluftsområde mot kraftutbygging i Voss og Vaksdal

Fylkesmannen har gitt uttale til sju søknadar om småkraftutbygging. Flerie av utbyggingane ligg i område med viktige friluftsinteresser mellom Bergsdalen og Kvamskogen. Vi har gått mot fem av sakene. Grunnen er samla belastning på naturverdiane, inkludert friluftsliv og landskap, og følgjer for laksefisk.


16.12.2014

No kan du søke om tilskot til miljøtiltak

Kommunar, organisasjonar og private kan no søkje om økonomisk støtte til tiltak for å betre miljøtilstanden i Hordaland.