Ein av tre verksemder manglar oversikt over risiko

Tilsynsaksjonen i 2018 viste at ein av tre verksemder har ikkje kartlagt, vurdert eller laga handlingsplanar for å redusere risiko i verksemda.

Tilsynsaksjonen 2018

Tilsynsetatane som arbeider med helse, miljø og tryggleik (HMT) sin fellesaksjon i 2018 hadde risiko som tema. Tilsynsaksjonen er eit samarbeid mellom Arbeidstilsynet, Miljødirektoratet, Statens strålevern, Næringslivets sikkerhetsorganisasjon (NSO), Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB), det lokale brannvesen, det lokale el-tilsyn (DLE) og Fylkesmannen si miljøvern- og klimaavdeling.

I løpet av tre veker vart det utført 420 tilsyn med industri- og avfallsverksemder over heile landet. I Hordaland vart det utført 18 tilsyn og Fylkesmannen deltok ved 8 av dei.

Risikovurdering gir godt HMT-arbeid

For å unngå skade på menneske og natur må verksemda ha oversikt over kva for farlege hendingar som kan skje og korleis dei kan unngå dei.

Arbeidet med risikovurderinga skal hjelpe verksemda til å bli bevisst på dei farar som kan oppstå. Når verksemda har oversikt over kor risikoen er størst, kan dei vurdere og prioritere bruk av ressursar for å senke risiko til eit akseptabelt nivå.

Kartlegging, vurdering av risiko og tiltaksplanar for å redusere risiko skal oppdaterast jamleg og systematisk. Dette dannar grunnlaget for alt anna arbeid med HMT i verksemda. Resultat frå aksjonen visar at

  • Ein av tre verksemder har ikkje kartlagt, vurdert eller lagd tiltaksplanar for å redusere risiko.
  • Ein av fire verksemder manglar eit system for å følgje opp og lære av feil og uønskja hendingar som har oppstått i verksemda.
  • Ein av tre verksemder manglar skriftleg dokumentasjon på arbeidet med risiko.

Det betyr ikkje at verksemdene ikkje har gjort noko arbeid med risiko, men at arbeidet ikkje er systematisk nok til å gi dei ein oversikt over risiko og fungere som et godt grunnlag for det vidare arbeidet med HMT.

Mange vil bli betre

Ei spørjeundersøking i etterkant av aksjonen viser at ni av ti arbeidsgivarar var positive til tilsynsaksjonen og at to av tre planleggjar å bli betre i sitt arbeid med risiko.