Høgt koparinnhald under fleire oppdrettsanlegg

Konsentrasjonen av kopar i sedimenta like under fleire oppdrettsanlegg har nådd eit urovekkande høgt nivå. I snitt er koparmengda ved dei undersøkte anlegga meir enn tre gongar høgare enn Miljødirektoratet reknar som akutt toksisk for dyr . Næringa nyttar om lag 1000 tonn kopar årleg til notimpregnering.

Notvegg med laks

Notvegg med laks

Fylkesmannen har lenge vore uroa for mengda kopar som blir nytta til impregnering av oppdrettsnøter, sjå vår nettartikkel i 2014. Vi skreiv då at det var trong for fleire målingar av kopar under oppdrettsanlegga. Siste året har vi fått inn målingar gjort ved merdkanten ved fleire anlegg. Desse syner tydeleg at det skjer ei opphoping av kopar under merdane, sjå figur 1 nedanfor. 

Figur 1: Mengd kopar i sediment ved oppdrettsanlegg i 2012 og 2016. Tal anlegg med målingar ved merdkant var i 2012 fire anlegg, i 2016 var dette talet auka til 12 anlegg.

Figur 1: Mengd kopar i sediment ved oppdrettsanlegg i 2012 og 2016. Tal anlegg med målingar ved merdkant var i 2012 fire anlegg, i 2016 var dette talet auka til 12 anlegg.

Har mangla målingar

Måling av kopar i sedimenta har blir gjort i MOM C granskingane. Avstand til merdkant har variert ein del, men målepunktet «nærsona» har vore frå 30 til 100 meter frå merdkanten. Først siste året har det blitt gjort målingar samstundes med MOM B granskinga som blir gjort ved merdkanten. Tabell 1 syner kor mange rapportar vi har henta desse tala frå. Alle desse rapportane er frå dei siste to – tre åra. Det er stor spreiing på dei einskilde målingane, vi ser dette i skilnadene mellom gjennomsnitt og medianverdiar.

Tabell 1: Summerte resultat for koparmålingar (mg Cu/kg sediment) i sediment ved oppdrettsanlegg i Hordaland per april 2016. 

  MOM B MOM C
  Merdkant Nærsone Overgangssone Fjernsone
Gjennomsnitt 552 210 44 37
Median 246 75 40 35
N (tal anlegg) 12 20 22 21

Til saman er det gjort 69 målingar ved merdkant. Dei 5 høgste målingane hadde i snitt eit koparinnhald på 3.700 mg Cu/kg sediment. 

Tydeleg gradient

Kopar samlar seg i sedimentet like under merdane. Det er ein tydelig gradient frå målingar ved merdkant til målingar lenger borte. Målingar ved merdkant er gjort ved utvida MOM B-granskingar, og i ein del tilfelle der oppdrettar sjølv har inkludert koparmålingar i MOM B-granskingane. Desse blir gjort heilt inntil merdkanten. Prøvestasjonane i MOM C-granskingane er gjort ved ulike avstandar frå merdkant. Nærstasjonen ligg 30 til 100 meter frå merd. Overgangsstasjonen er plassert 200 til 400 meter frå merd, medan fjernstasjonen er 400 til 1200 meter frå merdkanten.

Endringar frå 2012 til 2016

Utviklinga dei siste fire åra syner at det er auka koparkonsentrasjonar på alle målestasjonane. I nærsona og ved merdkanten har koparverdiane i dei målingane vi har fått, synt ei kraftig auke. Målingane i merdkant og nærsona syner same utvikling, med meir enn dobling av koparinnhaldet i sedimentet i løpet av ein fireårsperiode.

Kopar i marint miljø

Kopar er giftig i det marine miljø. Det er eit grunnstoff og blir ikkje brote ned i naturen. Det kan bare fortynnast eller vaskast ut, noko som er ein svært langsam prosess. Koparforureining fører til at dyr og planter forsvinn frå det forureina området. Ulike arter har ulik tålegrense for forureininga. Miljøforskarar karakteriserer kopar som det giftigaste metallet for marine organismar etter sølv og kvikksølv.

Regelverket knytt til koparbruk i fiskeoppdrett

Regelverket i dag gjev oppdrettar løyve til å nytte koparimpregnerte nøter. Endringar i driftsform dei siste åra, med mellom anna kraftig auke i bruk av høgtrykkspyling for reingjering av nøtene, blir ikkje fanga opp av dagens regelverk. Samstundes har notvaskeria krav om nullutslepp av kopar frå sine anlegg.

Grunn til å vere uroa

Koparkonsentrasjonar i tilstandsklasse V (svært dårleg) i sedimenta under anlegga inneber at koparkonsentrasjonane er så høge at dei er akutt toksiske for dyra som lever der. Berre dei mest forureiningstolerante artane av børstemark og andre sedimentgravande dyr kan leve der. Men det er òg ei grensa for dei kan tole. Oppdrettar er avhengig av å ha ei solid fauna under merdanlegget som kan ete dei store mengdene med organisk materiale (spillfôr og fiskeskit) som kjem frå merdene. Det tar lang tid før kopar forsvinn frå sedimentet. Konsentrasjonen av kopar under merdene vi no har målt, vil berre auke om det ikkje skjer endringar i driftsform. Om koparutslippa held fram på dei lokalitetane som har høge koparverdiar i sedimenta, er det eit spørsmål om tid før lokaliteten blir ueigna til oppdrettsføremål.

Stort areal som blir påverka

Viss målingane per dato er representative, kan vi gjere eit estimat for kor stort areal som blir dekt av koparkonsentrasjon i tilstandsklasse V (meir enn 147 mg Cu/kg sediment). For eit standard plastringanlegg på 6 ringar utgjer det påverka arealet om lag 150 dekar. Det vil vere store variasjonar knytt til driftsforma på anlegget, anleggstype og straumtilhøve på lokaliteten. Akvakulturområda i Hordaland er ofte i djupe fjordar der straumen er svak og det blir lite spreiing på materialet frå merdane. Det kan vere noko av forklaringa på at koparoppsamlinga i sedimenta ser ut til å vere større her enn i andre fylke.

Koparforureininga vi ser i dag er ikkje berekraftig.