Forureining

Fylkesmannen er forureiningsstyresmakt for ei lang rekkje verksemder og tiltak, og kan gi løyve til aktivitetar som kan medføre forureining. Ansvarsområda våre omfattar mellom anna helse- og miljøfarlege kjemikaliar, avfall og gjenvinning, luftforureining og støy, i tillegg til forureining av vatn og grunn.

Dette er nokre av Fylkesmannens oppgåver etter forureiningslova: 

  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med landbaserte industribedrifter. Mange bedrifter treng ikkje eige løyve frå Fylkesmannen, men skal følgje gjeldande forskrifter. Dette gjeld blant anna for pukk- og asfaltverk, fyringsanlegg og skipsverft.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avfallsbehandlingsanlegg som avfallsdeponi, mottaks- og sorteringsanlegg, bilvrakplassar og behandling av avløpsslam.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avløpsanlegg i store tettstader.
  • behandle søknader om mudring, dumping og utfylling i sjø og vassdrag.
  • føre tilsyn med at verksemder oppfyller leveringsplikta for farleg avfall og andre generelle plikter i forureinings- og avfallsforskriftene blir oppfylt
  • følgje opp område med ureina grunn og nedlagde kommunale deponi.
  • rettleie og føre tilsyn med kommunane på område der kommunen er ureiningsmyndigheit.

Vis meir


07.08.2018

No er det enklare å søke om løyve til avfallsanlegg

Vi har laga nytt søknadsskjema for avfallsanlegg, så no er det enklare å søke om nytt eller endra løyve. Alle søknadar om drift av slike anlegg må bruke skjemaet. Les heile saka for meir informasjon.


29.05.2018

Sjekker om pukkverk forureinar

Fylkesmannen kontrollerer i mai og juni om pukkverk følgjer miljøregelverket. Kontrollane er del av ein landsomfattande aksjon.


16.05.2018

Korleis kan verksemder hindre plastforsøpling?

Miljødirektoratet har laga eit faktaark om kva verksemder kan gjere for å redusere marin forsøpling og mikroplast. På Fylkesmannens tilsyn med forureining er plastforsøpling no fast tema.


30.04.2018

6.8 millionar kroner til å rydde marint avfall i Hordaland

Heile 5 millionar av dette er tildelt  Bergen og Omland Friluftsråd. Det er Miljødirektoratet som står for tildelinga etter tilråding frå Fylkesmannen. Midlane vil bidra til reinare kyst, og god tilrettelegging for innsats på strandryddedagen 5. mai.


20.04.2018

Søknad om endring av utsleppsløyve for E39 Svegatjørn - Rådal

Statens vegvesen søkjer om endring av nokre vilkår utsleppsløyvet for anleggsvatn og tunnelvaskevatn frå E39 Svegatjørn – Rådal. Frist for å gje uttale er 22 mai 2018.


02.03.2018

Søknad om utsleppsløyve frå anleggsarbeid ved bygging av Bybanen

Bybanen Utbygging søkjer om mellombels utslepp av vatn frå byggegrop i Fløen og frå tunneldriving under Haukeland sjukehus. Frist for uttale er 6. april 2018.


22.02.2018

100 verksemder får tilsyn

Fylkesmannen i Hordaland skal gjennomføre om lag 100 tilsyn med forureining i 2018. Viktige tema vil vere prioriterte miljøgifter, handtering av farleg avfall og kjemikal, utslepp, forureining og internkontroll. I år vil marin forsøpling og vedlikehald vere tema på alle tilsyn.


14.02.2018

Statkraft søker om løyve etter forureiningslova

Statkraft søker om mellombels løyve til utslepp etter forureiningslova i samband med bygging av Storlia Kraftverk i Eidfjord kommune. Frist for uttale er 15. mars.


13.11.2017

Søkjer om mudring, utfylling og dumping på Eldøyane

Kværner AS Lokasjon Stord søkjer om løyve etter forureiningslova til mudring, undervassprenging, dumping og utfylling. Arbeidet er planlagt gjennomført i 2018. Frist for uttale er 15. desember 2017.


03.11.2017

Søknad om utfylling i Hopsvatnet på Askøy

Det vert søkt om å fylle ut om lag 2500 kubikkmeter sprengstein i eit areal på 360 kvadratmeter mellom Haugane og Holmen. Frist for uttale er 3. desember 2017.


Fleire nyhende