Fiskeforvaltning

Fylkesmannen har ansvar for forvaltninga av laks og sjøaure, sårbare bestandar av innlandsfisk og fisk i regulerte vatn.

Fylkesmannen samlar inn fangststatistikk frå lakse- og sjøaurefisket, registrerer deltaking i sjølaksefisket og deler ut tilskot frå det statlege fiskefondet. Overvaking er viktig for å kunne ta vare på og styrkje fiskebestandane. Fylkesmannen har tett kontakt med grunneigarar og jakt- og fiskelag, og samarbeider tett med politiet, Statens naturoppsyn og Kystvakta om oppsyn med fiskeressursane.

Miljødirektoratet har ansvar for fiskereguleringar i elv og sjø og utarbeider forskrifter for fiske av laks og sjøaure.

Fylkeskommunen har ansvar for innlandsfisk av ikkje-trua bestandar i vatn som ikkje er regulerte. Fylkeskommunen har også ansvar for tildeling av fiskeoppdrettskonsesjonar.

Vis meir


22.03.2018

Fiskesesongen laks og sjøaure 2017

Total 12 244 kg laks og sjøaure vart fiska i fylket i 2017. I år som i fjor var det Etnevassdraget som toppa statistikken for laksefiske, medan det var i Eidfjordvassdraget det vart fiska mest sjøaure.


01.03.2018

Skal du fiske i sjøen? Les her først

Fiske i sjø er i Noreg ope og gratis for alle, men nokre reglar må ein setje seg inn i før fisketuren tek til. Frå 1. mars var det igjen nedsenkingspåbod for garn, det er strengare reglar for fiske i fredningssonar, og alt fiske etter laks og sjøaure i Hardangerfjorden er forbode frå 1. mars til og med 30. april.


15.12.2017

Vil du høyre siste nytt frå redningsaksjonen for Vossolaksen?

Fylkesmannen inviterar til ope møte om redningsaksjonen for Vossolaksen onsdag den 20. desember frå kl 18.00 - 20.00 i kulturhuset på Voss.


19.05.2017

Fisketider 2017

Fisketidene for laks og sjøaure i sjø og vassdrag i Hordaland er i 2017 uendra frå 2016. 


10.03.2017

Fiskesesongen laks og sjøaure 2016

Etnevassdraget gjorde i 2016 eit comeback, etter å ha vore stengt for fiske i to sesongar. Fem vassdrag fiska over tonnet; Etneelva, Storelva i Arna, Daleelva i Vaksdal, Oselva og Eidfjordvassdraget.


10.03.2017

Inngrep i vassdrag er søknadspliktig

Flaum har store følgjer for vassdraga våre, og kommunane får fleire planar og søknader om tiltak for å førebyggje eller reparere skadane. Regelverket for tiltak i vassdrag er komplisert, og vi har samla informasjon om korleis sakene skal handsamast.


31.01.2017

Framleis kalking av forsura ferskvatn

Det er nedbør forureina av svovel- og nitrogen som gjer at innsjøar og elvar i Noreg kan bli unaturleg sure. I 2016 blei det i Hordaland nytta om lag 6 millionar kroner til kalking for å redusere skadane på biologisk mangfald i vatn av denne forsuringa.


16.01.2017

Ubeden gjest i vest – Seminar om spreiing av ørekyt i naturen

Den vesle fiskearten ørekyt finst naturleg i ein avgrensa del av Noreg, men menneskeleg aktivitet har gjort at dagens utbreiing er langt vidare. Det kan ha store konsekvensar for økosystemet når ein slik art kjem inn i eit nytt vassdrag. Seminaret summerer opp og evaluerer tiltak som har vore gjort for å motverke vidare spreiing av ørekyt på Hardangervidda.


22.12.2016

No kan du søke om tilskot til miljøtiltak

Kommunar, organisasjonar og private kan no søkje om økonomisk støtte til tiltak for å betre miljøtilstanden i Hordaland.


09.12.2016

Siste nytt om Vossolaksen

Fylkesmannen inviterar til ope møte om redningsaksjonen for Vossolaksen torsdag den 15. desember frå kl 1800 - 2000 i kulturhuset på Voss.


Fleire nyhende