Korleis kan verksemder hindre plastforsøpling?

Miljødirektoratet har laga eit faktaark om kva verksemder kan gjere for å redusere marin forsøpling og mikroplast. På Fylkesmannens tilsyn med forureining er plastforsøpling no fast tema.

Det er mange kjelder til marin forsøpling, mellom anna landbaserte verksemder, fiske og havbruk. Det er viktig at alle gjer det dei kan for å hindre plastforsøpling.

Er di verksemd kjelde til plastforureining?

Alle verksemder må tenke gjennom om dei kan vere kjelde til plastforsøpling. Dei må sikre at alt plastavfall vert lagra forsvarleg og levert til lovleg anlegg, slik at det ikkje endar opp som forsøpling. Dei må og vurdere om dei kan vere kjelde til utslepp av mikroplast i avløpsvatn eller overvatn, og kva dei kan gjere for å redusere eller stoppe slike utslepp.

Faktaark med døme på tiltak

I faktaarket frå Miljødirektoratet er det gitt døme på tiltak verksemder kan gjennomføre for å hindre forsøpling, som å 

  • sikre materiell og lager for avfall mot vind, flom og overvatn
  • levere avfall til godkjent mottak
  • rydde jamnleg på og rundt eige område 
  • sjekke innhald av plast og mikroplast i utslepp til vatn
  • sikre at plastinnhald i reinseanlegg ikkje kjem på avvege
  • vurdere risiko og tiltak for å hindre forsøpling og utslepp av plast og mikroplast

Plastforsøpling fast tema på tilsyn

På alle våre tilsyn med forureining spør vi no verksemdene om dei kan vere kjelde til marin forsøpling og mikroplast, om dette er tema i risikovurderinga og om dei har vurdert tiltak.