Avfall og gjenvinning

Avfall og gjenvinning omfattar innsamling, mottak, lagring, behandling, gjenvinning og anna handtering av avfall. Dette kan føre til utslepp av klimagassar, tungmetall og andre miljøgifter.

Farleg avfall

Farleg avfall kan ikkje handterast saman med vanleg avfall. Farleg avfall inneheld helse- og miljøfarlege kjemikaliar som kan føre til alvorleg forureining og skade menneske og dyr. Verksemder som produserer farleg avfall, har plikt til å levere avfallet til eit godkjent avfallsmottak. Før transport skal avfallet deklarerast elektronisk på www.avfallsdeklarering.no

Fylkesmannen kan gi løyve

Fylkesmannen er forureiningsstyresmakt for dei fleste avfallsanlegg og kan gi løyve til verksemd som fører til forureining. Dette omfattar anlegg for mottak, sortering og behandling av avfall, bilvrakplassar, deponi, komposteringsanlegg og forbrenningsanlegg. Når Fylkesmannen gir slike løyve, må verksemda i nokre tilfelle setje i gang spesifikke tiltak for å minske ulempa for andre. Fylkesmannen skal også hente inn avfallsplanar frå hamner og drive tilsyn med dei.

Fylkesmannen kontrollerer avfallsanlegga for å sikre at krava i løyva blir etterlevde. Det er forureiningslova, avfallsforskriftene, internkontrollforskrifta og løyva som er gitt, som ligg til grunn for kontrollane. 

Vis meir


13.09.2018

Halvdagsseminar for avfallsanlegg i Hordaland

Vi inviterer avfallsanlegg i Hordaland til seminar i Bergen 14. november 2018. Tema er vilkåra i løyva etter forureiningslova frå Fylkesmannen.


06.09.2018

Søknad om endring av løyve til lagring av forureina massar i Straume Næringspark

Veidekke Entreprenør AS søkjer om endra løyve til mottak og mellomlagring av forureina massar i Straume Næringspark i Fjell kommune. Frist for uttale er måndag 10. oktober 2018.


03.09.2018

Søknad om endring av utsleppsløyve i Hordnesskogen

Statens vegvesen søkjer om endring av utsleppsløyve i Hordnesskogen. Tunneldrivinga er forsinka, og det er behov for innkøyring av sprengstein til Hordnesskogen i ein lengre periode enn det som er sett i dagens utsleppsløyve. Frist for uttale er 5. oktober 2018.


17.08.2018

Lite farleg avfall på avvegar hos avfallsselskapa, men dokumentasjonen må bli betre

Fylkesmannen kontrollerte i vår anlegg som tek imot og mellomlagrar farleg avfall for å sjå om dei følgjer miljøregelverket. Kontrollane viste at farleg avfall ikkje er på avvegar og at det ikkje er stor fare for forureining, men mange mottak manglar dokumentasjon knytt til det farlege avfallet.


07.08.2018

No er det enklare å søke om løyve til avfallsanlegg

Vi har laga nytt søknadsskjema for avfallsanlegg, så no er det enklare å søke om nytt eller endra løyve. Alle søknadar om drift av slike anlegg må bruke skjemaet. Les heile saka for meir informasjon.


16.05.2018

Korleis kan verksemder hindre plastforsøpling?

Miljødirektoratet har laga eit faktaark om kva verksemder kan gjere for å redusere marin forsøpling og mikroplast. På Fylkesmannens tilsyn med forureining er plastforsøpling no fast tema.


30.04.2018

6.8 millionar kroner til å rydde marint avfall i Hordaland

Heile 5 millionar av dette er tildelt  Bergen og Omland Friluftsråd. Det er Miljødirektoratet som står for tildelinga etter tilråding frå Fylkesmannen. Midlane vil bidra til reinare kyst, og god tilrettelegging for innsats på strandryddedagen 5. mai.


22.02.2018

100 verksemder får tilsyn

Fylkesmannen i Hordaland skal gjennomføre om lag 100 tilsyn med forureining i 2018. Viktige tema vil vere prioriterte miljøgifter, handtering av farleg avfall og kjemikal, utslepp, forureining og internkontroll. I år vil marin forsøpling og vedlikehald vere tema på alle tilsyn.


16.02.2018

Mottak for farleg avfall blir kontrollerte

Fylkesmannen kontrollerer no om anlegg som tek imot og mellomlagrar farleg avfall følgjer miljøregelverket. Kontrollane er del av ein landsomfattande aksjon.


16.01.2018

Tilskot til å rydde marin forsøpling

No kan du søke om støtte til å rydde marin forsøpling. Det er sett av 80 millionar kroner til ordninga i 2018. Frist for å søke er 15. februar 2018.


Fleire nyhende