Akvakultur

Havbruksnæringen produserer trygg, sunn og god sjømat, og skaper viktige arbeidsplassar og verdiar. Noreg har oppdrett av laks, regnbogeaure og andre artar langs hele kysten og på innlandet. Langsiktig vekst i næringa er avhengig av at belastninga på miljøet vert halden innanfor akseptable rammer. 

Fylkesmannens oppdrag er å vurdere om oppdrettsanlegget kan komme i konflikt med regionale og nasjonale interesser. Konfliktar knytt til friluftsliv, naturvern, vilt og fiskeinteresser står sentralt i Fylkesmannens vurdering. Eit vilkår for å få løyve til å drive fiskeoppdrett, er at det også blir gitt utsleppsløyve etter forureiningslova. Det er Fylkesmannen som gir slike utsleppsløyve. Det blir også stilt krav til avfallshandtering og kjemikaliebruk.

Fylkeskommunen har tildelingsmyndigheten og koordineringsansvaret for søknader om akvakulturløyve. Fylkeskommunen tek den endelege avgjerda, og gir løyve til å drive fiskeoppdrett.

Vis meir


16.05.2018

Korleis kan verksemder hindre plastforsøpling?

Miljødirektoratet har laga eit faktaark om kva verksemder kan gjere for å redusere marin forsøpling og mikroplast. På Fylkesmannens tilsyn med forureining er plastforsøpling no fast tema.


22.02.2018

100 verksemder får tilsyn

Fylkesmannen i Hordaland skal gjennomføre om lag 100 tilsyn med forureining i 2018. Viktige tema vil vere prioriterte miljøgifter, handtering av farleg avfall og kjemikal, utslepp, forureining og internkontroll. I år vil marin forsøpling og vedlikehald vere tema på alle tilsyn.


14.02.2018

Færre avvik ved matfiskanlegga

Fylkesmannen gjennomførte hausten 2017 ein større tilsynsaksjon ved 17 matfiskeanlegg. Det vart ikkje gitt avvik på rammevilkår, men mange avvik på miljømål, rutinar og risikovurderingar. Fleire anlegg som har hatt tilsyn tidlegare, viste store forbetringar.


07.12.2017

Har trekt to utsleppsløyve

Miljødirektoratet stadfester Fylkesmannen sitt vedtak etter forureiningslova om å trekke to utsleppsløyve til akvakultur i Masfjorden.


23.06.2017

Er oppdrettarane gode på botnen?

Dette skal Fylkesmannen sjekke ut i august og september. Aksjonen er ei oppfølging av tilsynsaksjonen for akvakultur i 2011, og skal gjennomførast i alle kystfylka frå Rogaland til Finnmark. I år skal vi sjå på matfiskanlegga i sjø.


16.05.2017

Redusert miljøtilstand i Masfjorden

Fylkesmannen trekker tilbake utsleppsløyva frå Erko Seafood AS for lokalitetane Bergsvik og Barlingebotten. Havforskningsinstituttet og Engesund Fiskeoppdrett AS får redusert løyve på lokalitetane Knappen/Solheim, Smørdalen og Ådnekvamme.


23.09.2016

Høgt koparinnhald under fleire oppdrettsanlegg

Konsentrasjonen av kopar i sedimenta like under fleire oppdrettsanlegg har nådd eit urovekkande høgt nivå. I snitt er koparmengda ved dei undersøkte anlegga meir enn tre gongar høgare enn Miljødirektoratet reknar som akutt toksisk for dyr . Næringa nyttar om lag 1000 tonn kopar årleg til notimpregnering.


05.09.2016

Variert miljøtilstand på settefiskanlegga

Dei siste fem åra har Fylkesmannen gjennomført tilsyn ved alle dei 29 verksemdene og dei fleste av dei 45 settefiskanlegga i fylket. Fem anlegg hadde ingen avvik, men mange anlegg mangla mål for miljøtilstand i resipienten. Også risikovurderingane var mangelfulle på mange anlegg.


13.06.2016

Plan er beste verktøy for å avklare areal til akvakultur

Kommunal- og moderniseringsdepartementet meiner at kommuneplanen er det beste verktøyet for å avklare overordna arealinteresser for akvakultur og omsynet til mellom anna fiske, ferdsel, natur og friluftsliv.


26.02.2016

Utvida fiske etter rømt oppdrettsfisk i Ålfjorden

Fylkesmannen har utvida fiske etter rømt oppdrettsfisk med garn i Ålfjorden i Sveio ut 31. mars 2016. For å delta i fisket må du registerer deg hjå Fylkesmannen først.


Fleire nyhende