Miljø og klima

Eit overordna mål for alt miljøarbeid er berekraftig utvikling. Miljøvern er eit omfattande fagfelt som dekkjer alt frå arealforvaltning og førebygging av forureining til kartlegging av naturmangfald, klimatiltak og forvaltning av fisk og vilt.

Alle sektorar har eit ansvar for å ta omsyn til miljøet i si eiga verksemd. Fylkesmannen skal medverke til at miljø- og arealpolitikken til regjeringa blir gjennomført på regionalt og lokalt nivå. Kommunane har ei sentral rolle i miljøvernarbeidet. Rettleiing og oppfølging av kommunane er derfor ei viktig oppgåve for oss. 

Vis meir


11.10.2018

Dårleg vasskvalitet i fleire vassdrag

Fleire elvar og innsjøar i Hordaland har dårleg vasskvalitet. Etter Vassforskrifta skal ein gjere tiltak for å betre tilstanden. I denne samanheng er rundt 80 lokalitetar i Hordaland undersøkt i 2017 og 2018.


11.10.2018

Foredling av fisk og kjøt utan forureining?

Fylkesmannen skal i haust føre tilsyn med slakteri og verksemder som foredlar fisk og kjøt. Vi skal sjekke om bransjen tar ansvar for å hindre forureining.


08.10.2018

Korleis kan kommunen redusere utslepp av klimagassar?

På samlinga i Haugesund 5. og 6. desember vert det presentert aktuelle tiltak og korleis kommunane kan arbeide for å redusere utsleppa. Kommunar i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane er inviterte.  Meld deg på så snart som mogleg! Frist er sett til 30. oktober. 


05.10.2018

Nye statlege planretningslinjer for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing

Regjeringa har vedteke nye statlege planretningslinjar for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing frå 28. september 2018.


03.10.2018

Kulturlandskapspris 2018 vart delt ut i går

Kulturlandskapsprisen i Hordaland blir i år tildelt Marta Bjørgum Meland og Mekjell Meland på Ytre Meland i Ullensvang. Dette er 22. gang prisen blir delt ut.


02.10.2018

Klimasamling for kommunane på Vestlandet

Kommunane i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane er inviterte til samling i Haugesund 5. og 6. desember. Tema for samlinga er korleis kommunane kan arbeide for å redusere klimagassutslepp. Frist for påmelding er 20. oktober


25.09.2018

Nasjonal elvemuslingkonferanse

Elvemuslingen er ein trua art i Norge og over 95 prosent av bestandane i Europa er allereie utrydda. Hovudtema på konferansen i Bergen 13.-14. november vil vere trugsmål og tiltak for å berge elvemuslingbestandar.


19.09.2018

Tiltak mot vestamerikansk hemlokk

Fylkesmannen har jobba med tiltak mot vestamerikansk hemlokk sidan 2010. I 2018 jobbar vi med oppfølging av tidlegare tiltak, og det er sett i gang tiltak i fleire nye område.


13.09.2018

Halvdagsseminar for avfallsanlegg i Hordaland

Vi inviterer avfallsanlegg i Hordaland til seminar i Bergen 14. november 2018. Tema er vilkåra i løyva etter forureiningslova frå Fylkesmannen.


12.09.2018

Revidert kapittel i FylkesROS - fiskesjukdomar og oppdrett

FylkesROS er oppdatert med revidert ROS-analyse for hendingar knytte til fiskesjukdomar og oppdrett


07.09.2018

Når planframlegg råkar prioritert art etter naturmangfaldlova

Naturmangfaldlova § 23 gjev heimel til å fastsette forskrifter som gir nokre særleg sårbare artar status som prioritert art. Dvergålegras er prioritert art etter naturmangfaldlova. Til saman er det i dag berre tretten artar som har fått slik status og desse har eit sterkt skydd som òg må følgjast opp i planlegginga.


06.09.2018

Søknad om endring av løyve til lagring av forureina massar i Straume Næringspark

Veidekke Entreprenør AS søkjer om endra løyve til mottak og mellomlagring av forureina massar i Straume Næringspark i Fjell kommune. Frist for uttale er onsdag 10. oktober 2018.


05.09.2018

For mykje kopar frå oppdrettsanlegga

Fylkesmannen har fått koparmålingane for Radfjorden som syner at heile fjorden er påverka av utsleppa. Koparmengda i sedimenta bryt grensene for dårleg miljøtilstand. Fylkesmannen har varsla at tiltak er naudsynt.


03.09.2018

Søknad om endring av utsleppsløyve i Hordnesskogen

Statens vegvesen søkjer om endring av utsleppsløyve i Hordnesskogen. Tunneldrivinga er forsinka, og det er behov for innkøyring av sprengstein til Hordnesskogen i ein lengre periode enn det som er sett i dagens utsleppsløyve. Frist for uttale er 5. oktober 2018.


31.08.2018

Søkjer endra løyve til utfylling av massar i Store Lungegårdsvann

Bybanen Utbygging søkjer om endra løyve etter forureiningslova.  Frist for å gje uttale er 17. september 2018.


31.08.2018

Bybanen søkjer om løyve etter forureiningslova for anleggsarbeid på Mindemyren

Bybanen Utbygging søkjer om løyve for utslepp av reinsa byggegropsvatn og støy og støv frå sorteringsverk og asfaltknuseverk.  Frist for å gje uttale er 8. oktober 2018.


24.08.2018

Søknad om utslepp frå fjørfeslakteri i Kvam

Økodrift Homlagarden AS søker om løyve til utslepp av reinsa prosessvatn frå produksjon av inntil 600 tonn økologisk fjørfe per år ved sitt nye fjørfeslakteri i Kvam herad. Frist for uttale er 28. september 2018.


17.08.2018

Lite farleg avfall på avvegar hos avfallsselskapa, men dokumentasjonen må bli betre

Fylkesmannen kontrollerte i vår anlegg som tek imot og mellomlagrar farleg avfall for å sjå om dei følgjer miljøregelverket. Kontrollane viste at farleg avfall ikkje er på avvegar og at det ikkje er stor fare for forureining, men mange mottak manglar dokumentasjon knytt til det farlege avfallet.


09.08.2018

Klimasats 2018

Fleire kommunar i Hordaland har også i 2018 motteke statlege Klimasats-midlar frå Miljødirektoratet. Midlane skal gå til tiltak som bidrar til reduksjon i klimagassutslepp og omstilling til lågutslepp-samfunnet.


07.08.2018

No er det enklare å søke om løyve til avfallsanlegg

Vi har laga nytt søknadsskjema for avfallsanlegg, så no er det enklare å søke om nytt eller endra løyve. Alle søknadar om drift av slike anlegg må bruke skjemaet. Les heile saka for meir informasjon.


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel