Søk om erstatning i god tid

Foto: Øyvind Vatshelle
Foto: Øyvind Vatshelle

Fristen for å søkje erstatning etter klimabetinga avlingssvikt er 31. oktober, men vi rår alle til å søkje i god tid før fristen.

Dersom du har spørsmål knytt til utfylling eller det oppstår feilmelding i den elektroniske søknaden må du berekne tid til å kunne få hjelp til frå kommunen. Dersom alle tek kontakt dei siste dagane før fristen kan kommunen ha avgrensa moglegheit til å hjelpe. Når du søkjer tidleg er det dessutan mindre fare for at søknadssystemet er treigt på grunn av dei mange søknadane.

Hugs å ettersende informasjon når sesongen er ferdig

Dersom søknaden blir levert før siste slått og siste beiting på fulldyrka og overflatedyrka areal er ferdig for hausten, må du notere dette i søknaden. Du må ettersende informasjon om dette før søknaden kan bli ferdig handsama.

Søk elektronisk

Du bør søkje elektronisk med innlogging via Altinn. Då er søknadsskjemaet delvis fylt ut på førehand med nødvendige opplysningar, mellom anna frå søknad
om produksjonstilskot . Det blir enklare å søkje og sakshandsaminga går raskare. Lenke til elektronisk søknad finn du på heimesida til Landbruksdirektoratet

Søknadsfristen er 31. oktober, og fristen er absolutt. Søknader som kjem inn etter fristen vil ikkje bli handsama.

Lenke til tidelgare nettsak med tips om erstatning finn du her

Kontaktpersonar