Utlysing tilskot frå Hordaland Landbruksselskap

Hordaland Landbruksselskap er ei ideell stifting der føremålet er å forvalte kapitalen i dei fonda selskapet har til rådvelde, i tråd med gjevarane sitt ønskje og til det beste for jordbruket i Hordaland.

Stiftinga Hordaland Landbruksselskap forvaltar i dag kapitalen til 6 fond og legat. Bønder, forskingsorganisasjonar, forsøksringar og faglag i Hordaland kan søkja om tilskot frå avkastinga i fondet. Fonda som ligg under Landbruksselskapet er:

  • BU-fondet: skal gå til å ta vare på og arbeidde opp den gamle norske sauerasen
  • To fjørfefond skal nyttast til å fremje fjørfeavlen: Anton Mindes Legat og Hordalands fjørfeavlsfond
  • Fabrikkeigar Anton Mindes Legat til fremme av fremragende gardsdrift og nydyrking skal nyttast til framifrå drive gardsbruk, her under kanalisering og opparbeiding av kulturbeite.
  • Fondet til beite- og planteutvalet skal nyttast til plantedyrking, utprøving av ulike sortar og dyrkingsmetodar, gjødselforsøk, beiteforsøk og fôrkonservering.
  • Hordaland Landbruksselskap sitt privatfond skal nyttast meir fritt, som i vid meining kan fremja landbruket, herunder tiltak for å gjera landbruksnæringa meir kjent i samfunnet.

Søknadar om tilskot må sendast til styret innan 10. juni 2018. Søknadane kan sendast til fmhokdb@fylkesmannen.no eller til Stiftinga Hordaland Landbruksselskap, Postboks 7315, 5020 Bergen. Spørsmål rettast til Kari des Bouvrie, tlf. 55 57 20 22.

Kontaktpersonar