Søk prosjektmidlar frå klima- og miljøprogrammet i jordbruket 2018

Frå i år må du søkje om midlar til fylkesvise tiltak frå klima- og miljøprogrammet i jordbruket via elektronisk skjema i Altinn. Fylkesmannen i Hordaland har om lag kr 350 000 til disposisjon for nye prosjekt i 2018.

 

Ny søknadsfrist 15. mai 2018


Klima- og miljøprogrammet er ei tilskotsordning retta mot prosjekt innan kunnskapsutvikling, utredning og informasjonstiltak innan klimagassutslepp, klimatilpassing, vassmiljø, kulturlandskap og naturmangfald. Fylkesmannen forvaltar midlane som går til fylkesvise tiltak.

Formålet med tilskotsordninga

Klima- og miljøprogrammet skal bidra til:

  • At produksjon av mat skal skje med god ressursbruk og minst mogleg forureining, klimagassutslepp og tap av biomangfald.
  • Å auke landbruket sitt miljøbidrag, til dømes: Ta vare på kulturlandskap, kulturbetinga biologisk mangfald og kulturminne. Binding av karbon og produksjon av biogass.
  • Å tilpasse agronomi og dyrkingssystem til eit endra klima, med sikte på å oppretthalde eller auke matproduksjonen og ta vare på produksjonsressursane.

Målgrupper for tiltaket er i hovudsak landbruksføretak, rådgjevarar og forvalting. Prosjekta skal imøtekomme eitt eller fleire dei av følgjande kriteria:

  • Bidra til at eksisterande eller ny kunnskap raskt når ut til landbruksføretak.
  • Bidra til oppdatert kunnskap for rådgjeving og forvalting.
  • Bidra til å informere om jordbruket sin miljøinnsats til samfunnet generelt.

Faglege prioriteringar i programmet kan variere og vil gå fram av utlysingsteksten for kvar søknadsomgang. Midlane kan ikkje gå til reine forskingsprosjekt, men dei kan gå til forprosjekt/utgreiingar som seinare kan munne ut i forskingsprosjekt. Prosjekt skal primært vere retta mot utfordringar som har interesse ut over reine lokale problemstillingar. Lokale prosjekt kan likevel få støtte dersom problemstilling eller resultat vil ha stor overføringsverdi.

Kven kan søkje

Alle som arbeider med kunnskapsutvikling eller kunnskapsformidling kan søkje støtte frå programmet. I første rekke vil dette vere:

  • fag- eller næringsorganisasjonar, regionale lag og foreiningar
  • utrednings- og forskingsverksemder (institusjonar)
  • kommunar
  • andre føretak

Søknad

Fylkesmannen i Hordaland kunngjer utlysing og søknadsfrist årleg på Fylkesmannen sine nettsider. Elektronisk søknadsskjema via Altinn skal nyttast. Det er ikkje mogleg å levere søknad på papir. Søkjar er ansvarleg for at fullstendig søknad med relevante vedlegg kjem inn til Fylkesmannen innan fastsett frist.

Sjå Korleis søkje (Landbruksdirektoratet) for meir informasjon om utfylling og levering av søknad. Vi gjer merksame på at den som skal levere søknaden må ha brukar i ID-porten (til dømes MinID), og ha riktig rettigheit for føretaket: rolla «Primærnæring og næringsmiddel». Utfyllande rettleiing om dette stå i lenka Korleis søkje?

Prioriteringar i 2018

I 2018 vil prosjekt som bidrar til å styrke kunnskapsgrunnlaget om jordbrukets klima-utfordringar og forureining til vatn, luft og jord bli prioritert. Aktuelle faglege tema kan til dømes vere:

Klimatilpassing 

  • Gjødsling, jordpakking, hausting, dyre- og plantemateriale til endra klimatilhøve, dekkesystem for frukt og bær.
  • Førebygging av skade på jord og avling; hydroteknikk, hausteutstyr, driftsopplegg.

Klimagassutslepp og karbonbinding

  • Redusere utslepp av metan frå husdyr og husdyrgjødsel, lystgass frå jord og CO2 frå nedbryting av karbon i jord og frå fossile energikjelder i gardsdrifta.
  • Karbonbinding i dyrka jord.
  • Samanheng mellom reduserte utslepp, god agronomi og økonomi.

Forureining til vatn, jord og luft

  • Lagring og håndtering av husdyrgjødsel, jordarbeiding, plantevern i frukt og grovfôr, erosjon, arealavrenning, drenering, kantvegetasjon og fangdammer.
  • Tiltak som støtter opp om godkjente vassforvaltingsplanar.
  • Faktabasert kunnskapsgrunnlag rundt forureiningskjelder og effekt av tiltak, for å kunne gi god oppslutning om nødvendige tiltak.