Fordeling av SMIL- og dreneringsmidlar 2018

Fylkesmannen har fordelt 5,2 mill. kroner til kommunane i tilskotsramme til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) og 3,0 mill. kroner til tilskotsordninga for drenering av jordbruksareal.

SMIL

Av ei samla løyving på 95 millionar kroner over jordbruksavtalen til SMIL-ordninga i 2018, har Hordaland fått tildelt 5,2 millionar kroner. Vi har ingen overførte midlar frå i fjor. Fylkesmannen fordeler midlane til kommunane ut frå landbruksføretak i drift og ei vurdering av behov og bruk av midlane i kommunane.

Kommunane kan innvilge SMIL-tilskot til gjennomføring av tiltak som:

  • omfattar planlegging og tilrettelegging for heilskaplege miljøprosjekt i jordbruket
  • tek vare på natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet
  • medverkar til å hindre eller redusere ureining frå jordbruket

Frå 2017 blei forskrifta endra slik at det kan løyvast tilskot til føretak der det går føre seg ein produksjon på landbrukseigedomen som kvalifiserer til produksjonstilskot. Kommunane har lokale søknadsfristar og prioriterer søknader etter lokale retningsliner og eigne tiltaksstrategiar.

Dei siste 5 åra er det kommunane Voss, Kvinnherad og Kvam som har løyvd mest tilskotsmidlar gjennom SMIL. Vidare kjem Ullensvang, Lindås, Etne, Fitjar og Radøy. Sjå vedlagt historikk.

Drenering

Nasjonalt er det fordelt 100 mill. kroner til tilskot til drenering av jordbruksjord, der Hordaland blei tildelt 3,0 mill. Landbruksdirektoratet har i tillegg ubrukte midlar. I fordelinga har vi lagt vekt på søknadsomfanget til dreneringsordninga i kvar kommune i 2017, areal i kommunane og tiltak med utgåtte arbeidsfristar.

Satsane for dreneringstilskot blei dobla i løpet av 2017. Lengste arbeidsfrist for dreneringstilskot er 3 år frå løyving. Denne er ikkje mogleg å forlenge, til forskjell frå arbeidsfrist for SMIL-tilskot.

Dei siste 5 åra er det Kvam og Kvinnherad kommunar som har løyvd absolutt mest i tilskot til drenering. Vidare kjem Sveio, Voss, Radøy, Fusa, Osterøy og Lindås. Nokre få kommunar har ikkje løyvd noko tilskot til drenering dei siste par åra. Sjå vedlagt historikk.