Tilskot

Fylkesmannen har oppgåver knytte til forvaltning av ei rekkje tilskotsordningar innan jord- og skogbruk. Innan jordbruk er dei viktigaste ordningane produksjonstilskot, avløysartilskot og regionale miljøtilskot. Innan skogbruk er tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket blant dei største tilskotsordningane.

Det er kommunane som er førsteinstans for dei fleste tilskotsordningane. Kommunane informerer brukarane, behandlar søknader og gjennomfører stikkprøvekontrollar ved gardsbruka. Fylkesmannen er koordinator og rådgivar overfor kommunane.

Fylkesmannen rettleier kommunane om tilskotsordningane og er klageinstans for kommunens vedtak. Fylkesmannen gir eventuelle dispensasjonar, og då er det Landbruksdirektoratet som er klageinstans. Fylkesmannen skal dessutan gjennomføre forvaltningskontrollar hos kommunane og føretakskontrollar på enkeltbruk. Det blir utarbeidd ein plan for denne kontrollverksemda kvart år.

Fylkesmannen forvaltar tilskot til næringsutvikling innan landbrukssektoren mellom anna med midlar til utgreiings- og tilretteleggingstiltak (UT-midlar).

Vis meir

Utredings- og tilrettelegginsmidler (UTM, tidligare kalla BU-midlar) vert sett av i dei årlege forhandlingane om jordbruksavtalen. Dei skal nyttast til å leggja til rette for langsiktig og lønnsam verdiskaping. UTM er berre retta mot utviklingsprosjekt og ikkje mot konkrete investeringstiltak. Nytt frå 2014 er at midlane til Handlingsplan for økologisk produksjon og forbruk er lagt inn under denne ordninga.


18.04.2018

Utlysing tilskot frå Hordaland Landbruksselskap

Hordaland Landbruksselskap er ei ideell stifting der føremålet er å forvalte kapitalen i dei fonda selskapet har til rådvelde, i tråd med gjevarane sitt ønskje og til det beste for jordbruket i Hordaland.


02.03.2018

Fordeling av SMIL- og dreneringsmidlar 2018

Fylkesmannen har fordelt 5,2 mill. kroner til kommunane i tilskotsramme til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) og 3,0 mill. kroner til tilskotsordninga for drenering av jordbruksareal.


21.02.2018

Søk prosjektmidlar frå klima- og miljøprogrammet i jordbruket 2018

Frå i år må du søkje om midlar til fylkesvise tiltak frå klima- og miljøprogrammet i jordbruket via elektronisk skjema i Altinn. Fylkesmannen i Hordaland har om lag kr 350 000 til disposisjon for nye prosjekt i 2018.


08.08.2017

Tilskot til drenering av jordbruksjord er dobla

1. juli 2017 blei tilskotet til drenering dobla til 2 000 kroner per dekar eller 30 kroner per løpemeter.


17.01.2017

Nye investeringsmidlar til organisert beitebruk

Fylkesmannen i Hordaland lyser med dette ut investeringsmidlar til tiltak i beiteområde for 2017. Frist for søknad er 15. mars.


14.09.2016

Mykje pengar att til drenering av jordbruksjord i 2016

Det har kome inn få søknader om dreneringstilskot så langt i 2016. Meir enn 1,3 millionar kroner er framleis tilgjengeleg for gardbrukarar som ønskjer å drenere.


26.08.2016

Tilskot til drenering av jordbruksjord

Det finst tilskot til drenering av tidlegare grøfta jordbruksareal, og til tidlegare planert areal. Eigar av arealet, eller føretak som leiger areal kan søkja om tilskot. Søknaden skal sendast til kommunen der arealet ligg.


02.03.2016

Frist for utviklingsmidlar 15. april

Fylkesmannen forvaltar regionale utviklings- og tilretteleggingsmidlar (UTM) til felles tiltak for utvikling av tradisjonelle og nye næringar i landbruket i Hordaland. Hovudrunden har frist 15. april, supplerande runde 15. oktober.


24.11.2015

Å gløyme opplysningar påverkar tilskotsutbetalinga

Å etterregistrere utegløymte opplysningar i søknad om produksjonstilskot, blir rekna som innsending av ny søknad. Det presiserer Landbruksdirektoratet i eit nyleg utsend brev. Konsekvensane for utmåling av tilskot kan bli store, og vi oppmodar derfor alle til å bruke god tid når dei fyller ut søknaden.


11.09.2015

Kva skjer når eg skriv feil i søknaden om produksjonstilskot?

Kvar år blir kommunane kontakta av føretak som har skrive feil i søknaden om produksjonstilskot. Nokre oppdagar det like etter at søknaden er levert. Andre oppdagar det først når tilskotet blir utbetalt.


Fleire nyhende