Tilskot til utsiktsrydding nyttar

Det er gjeve tilskot til utsiktsrydding fleire stader i Hordaland dei siste par åra, til nytte for både landbruk og reiseliv.

Utsiktsrydding skal medverke til å fremje verdiar knytt til landbrukets kulturlandskap. Attgroing kan vere ei ulempe for både landbruket og reiselivet. Landbruks- og matdepartementet lanserte våren 2016 ei ny tilskotsordning for Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, der grunneigarar og andre kan søkje om tilskot til utsiktsrydding. Forskrift om tilskot til utsiktsrydding i landbrukets kulturlandskap vart fastsett våren 2016, og i 2018 er det sett av 3 millionar til dette føremålet i Hordaland.

I Hordaland finn vi mange vegstrekningar og utsiktspunkt med trong for utsiktsrydding. Særleg i Indre Hardanger, med dei karakteristiske frukthagane der vegen går langs fjorden, vil tiltak vere av stor verdi.

 

Bileta er frå utsiktsryddingsprosjekt i Sveio. Foto: Leif Grindheim, Legria AS

 

 

 

Kontaktpersonar