Tilskot innan skogbruk

Tilskot i skogbruket skal stimulere til meir verdiskaping, berekraftig utnytting av skogressursane og bevaring og utvikling av miljøverdiar i skog. I Hordaland gir vi m.m. tilskot til skogsvegar, drift med taubane, skogbruksplanlegging, skogplanting og skjøtsel av ungskog. I all hovudsak løyver kommunane midlar til tiltak i skogbruket og du bør ta kontakt med skogbruksansvarleg i din kommune for meir informasjon.

I 2016 vil kommunane òg kunne gje midlar til spesielle ryddetiltak i skog langs vegar for å opne opp utsikta eller minimere trafikkfarlege stader.


24.05.2016

Millionar til utsiktsrydding i Hordaland

Landbruks- og matdepartementet har fastsett forskrift om tilskot til utsiktsrydding i landbruket sitt kulturlandskap. 20 millionar kroner er sett av til utsiktsrydding i fylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.