Meir midlar til skogsveg og taubane i Hordaland

Skogsbilveg kl.4 under arbeid på Osterøy
Skogsbilveg kl.4 under arbeid på Osterøy

Fylkesmannen i Hordaland fekk tildelt ei ekstraløyving på kr 2.000.000.- til skogsvegar og taubane. Midlane vil komme godt med, det er mange og store veganlegg under arbeid.

Tidlegare i 2018 har Hordaland fått tildelt kr 9.000.000.- til skogsvegar og skogsdrift med taubane. Av dette er om lag 8.000.000.- løyvd, noko som vil gje om lag 6.500 meter skogsbilvvegar og i tillegg føre til hogst av kring 22.500 m3 tømmer. Tømmeret som blir hogd er gran som vart planta før 1955. Dei store plantingane som vart sett i gang etter krigen blir no hogstmogne og blir til førsteklasses råstoff for vidare foredling. Det er ikkje uvanleg at opp mot 80% av tømmeret i plantefelta blir nytta til sagtømmer på grunn av sin gode kvalitet.
For å kunne nytte skogen rasjonelt er det trong for god infrastruktur, skogsbilvegar, kommunale- og andre offentlege vegar og ikkje minst tømmerkaier må vere eigna for køyring med store vogntog.

I juli fekk Hordaland tildelt kr 2.000.000.- i ekstramidler til skogsvegar og taubane. Midlane vil komme godt med, det er mange og store veganlegg under arbeid. Hordaland har stor aktivitet innan skogbruket og dette fører til auka etterspurnad etter gode planer for skogsvegar. Gode skogsvegar er og naudsynt for å få til gode løysinger for drift av skogen med taubane.

Av totalløyving til veg og banedrift vil det bli sett av inntil 20% til drift med bane i vanskeleg terreng. Resterande midlar vil bli brukt til skogsvegar, fortrinnsvis bilveg klasse 3 eller 4.

På grunn av at Hordaland har fått mindre midlar enn forventa, vil ekstramidlane bli prioriterte til kommunar som har politisk vedtekne ein «Hovedplan for skogsvegar» og som nyttar denne når ein prioriterar vegsøknader. I hovedplanane er det føreteke prioriteringar over kva områder som er viktigast å løyse med god infrastruktur.

Fylkesmannen oppfordrar kommunane til å intensivere og prioritere arbeidet med «Hovedplan for skogsvegar».

Retningsliner for bruk av midlar til veg og bane finn ein her: