Skogsvegar

Formålet med skogsvegbygging er å auka skogbruket sin medverknad til verdiskaping og sysselsetting i distrikta gjennom berekraftig utnytting av virkesressursane. Dette skjer ved å leggja tilhøva til rette for transport av tømmer ut av skogen, og ved å letta tilkomsten og gi høve for rasjonell skjøtsel og drift. Dei seinare åra er det bygd mange skogsbilvegar i Hordaland.

Kulturskogen som vart planta for 50 – 70 år sidan byrjar å bli hogstmogen og infrastruktur er vesesntleg for at virke som kjem frå skogane våre held beste kvalitet. Tømmer er ein ferskvare og kan ikkje ligge forlenge før det førar til kvalitetstap. Skogeigare som ønskjer å byggje veg i skog kan kontakte kommunen ved skogansvarleg for hjelp til å søkje om løyve til bygging. Bygging av skogsveg er regulert gjennom Forskrift om byging og planlegging av  landbruksvegar. I Hordaland er det mogeleg å få tilskot til byggjing av skogsvegar, sjå lenkar.


13.07.2018

Meir midlar til skogsveg og taubane i Hordaland

Fylkesmannen i Hordaland fekk tildelt ei ekstraløyving på kr 2.000.000.- til skogsvegar og taubane. Midlane vil komme godt med, det er mange og store veganlegg under arbeid.