Skogfond

Skogfond er ei pliktig avsetning der føremålet er å sikre finansiering av ei bærekraftig forvaltning av skogressursane. Skogfondet skal gje skogeigaren betre grunnlag for langsiktige investeringar, samt sikre viktige miljøverdiar i den skogen som virket kjem frå eller i annen skog som skogeigaren har. Plikt til å setje av skogfond til nye investeringar i skogen er heimla i skoglova. Skogfondsmidlane skal trekkast frå brutto salspris av tømmer og virke til bioenergi og vert utgiftsført. Skogeigar kan fritt velje trekksats mellom 4 og 40 %. Pengane går inn på eigen skogfondkonto. Skogfond gir inntil 85 % skattefritak til einskilde investeringar. Skogfond kan også nyttast til å dekkje eigen arbeidsinnsats ved tiltak som er godkjende for bruk av skogfondsmidlar. Skogeigar har ikkje krav på renter av inneståande skogfond. Renter frå skogfondet skal nyttast til administrasjon av skogfondsordninga og kan òg nyttast til skogfagleg informasjonsarbeid, tilskot til organisasjonar, og å fremje skogbruket og skogbruksplanlegging.  

Skogfondsordninga vert administrert av skogansvarleg i kommunen.

Kva kan skogfondet brukast til?

Skogfondet skal brukast til langsiktige investeringar, samt å sikre viktige miljøverdiar i den skogen som virket kjem frå, eller i annen skog som skogeigaren har.

  • skogkulturtiltak, som planting og ungskogpleie
  • miljøtiltak, knytt til biologisk mangfald, landskap, kulturminne og friluftsliv
  • bygging og opprusting av skogsvegar og velteplassar
  • vedlikehald av skogsbilvegar
  • miljøtiltak, som pleie av kulturminne i skog
  • skogbruksplanlegging med miljøregistreringar
  • biovarmeanlegg for varmeleveransar
  • forsikring av skog
  • kursavgift og kursmateriell for kurs knytt til skogen si drift
  • oppmerking av eigedomsgrenser ved jordskifte i skog

Innbetaling og utbetaling av skogfondsmidlar

Innbetaling av skogfondsmidlar skjer vanlegvis ved at tømmerkjøparen trekkjer skogfondsavsetninga frå oppgjeret med skogeigar, og betalar dette inn til skogfondskontoen. Skogfondsmidlar vert utbetalt ved at skogeigar sender dokumentasjon av utførte investeringstiltak til kommunen.