Regelverk for skogbruk

I skogbruket er det eit omfattande regelverk som tiltakshavar må halde seg til, til dømes ved bygging av skogsbilveg og hogst i skogen. Skogbruket er regulert i skogbrukslova, med tilhøyrande forskrifter og rundskriv. I tillegg vil også anna lovverk kunne vere aktuelt. Det er i utgangspunktet kommunen som vil vere førsteinstans i sakar etter skogbrukslova.

Det kan også vere aktuelt at ein vil nytte det som tidligare var skog til beite, og det har no kome ein rettleier for korleis ein skal gå fram. (sjå under relaterte lenkjer)