Studieturen om vernskog

I samband med arbeidsgruppe for vernskog har «Prosjekt vernskog» arrangert ein studietur til Sør-Tyskland i oktober 2017.

Denne studieturen til Sør-Tyskland vart arrangert i samband med etablering av arbeidsgruppa for vernskog i Hordaland. Vernskog er eit forholdsvis nytt tema for mange som jobbar innanfor arealplanlegging og naturressursforvalting. Turen skulle bidra til å få ei felles forståing, ha tverrfaglege diskusjonar og til å få opningar for vernskogproblematikk i det norsk forvaltingsapparatet.

Klimaendringar gjer det nødvendig å styrke samhandlingsevne og finne relevante tiltak og verktøy for å gjere samfunnet robust for eit endra klima med meir ekstremt vær.

Målsetjinga for arbeidsgruppa er: Finne modellar for drift av vernskog i område som er utsett for naturfare/naturkatastofar.

Små skogeigedomar er òg i Bayern ei stor utfording for å drive skog effektiv og i tillegg ivareta dei andre funksjonane. Samarbeid mellom skogeigarane er nødvendig. Skogeigarar som vil samarbeide, får meir tilskot for tiltak (tynning, planting, osv.) og lettare tilgang til profesjonell rådgjeving.

Førebygging mot naturskade betyr at ein har definert utfordringa i område, sikra eit stabilt tilskotssystem, langsiktig planlegging, profesjonell rådgjeving og ikkje minst forsking. Val av eigna og tilpassa treslag, skjøtselstiltak og eigna driftsløysingar er avgjerande for å ivareta skogens vernfunksjon.

Studietur