Tredrivaren i Hordaland

Fylkesmannen i Hordaland og Høgskulen på Vestlandet har gjennomført prosjektet «Slow Wood». Prosjektet er avslutta, men arbeidet held fram. Lenge leve slow wood!

Høgdepunkt i prosjektet var to store konferansar med fokus på tre som byggjemateriale og «International Bergen Wood Festival».

Bakgrunn

Norge har lange tradisjonar innan byggeri med tre, også i kombinasjon med andre materiale. Nordiske tradisjonar har røter tilbake til stavkyrkja og båtbyggjarane i fjordane. Moderne trebyggjarar hentar inspirasjon frå tradisjonen vår og samstundes frå teknologiske nyvinningar i Mellom-Europa. Befolkninga i byer og tettstader er veksande og det fører til meir urbanisering og byggjeaktivitet.

Den komande utbygginga står overfor store klima- og miljørelaterte utfordringar. Dette føreset at forvaltinga og næringa deltekr aktivt i dei langsiktige nasjonale målsetjingane. Bruk av fornybare byggjemateriale står sentralt i denne samanhengen.

Kva vart gjort?

Prosjektleiinga har gjennomført fleire arrangement i samarbeid med andre aktørar,  mellom anna seminar, konferansar og nettverksmøter i løpet av prosjektperioden. 

Høgdepunkt i prosjektet  «Slow Wood» var dei to trekonferansane (2016 og 2017) og «International Bergen Wood Festival». Anerkjente internasjonale føredragshaldarar som til dømes Prof. Dr. Maximilian Moser, Much Untertrifaller og Christoph Dünser har gjeve konferansane fagleg input på høgt nivå. Nettverksarbeidet i regionen har ført til at politikarar, som byråd Anna Elisa Tryti og byråd Julie Andersland, har engasjert seg på slike arrangement. For tredrivaren har desse blitt viktige koplingspunkt til kommunen.

Fylkesmannen i Hordaland tok initiativ til å etablere klyngeprosjekt for tre- og byggjenæringa i regionen. Vidare har prosjektleiaren gjeve innspel til planarbeid i ulike kommunar.

Stort sett alle arrangement vert gjort i samarbeid mellom Treklang (Bergen arkitekthøgskule, Høgskulen på Vestlandet, Kunst- og designhøgskule, Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland).

Nettstaden - http://www.bergenwood.com/ vart utvikla vidare dei siste åra og bruken er stadig aukande.

Med klimasatsmidlar frå Miljødirektoratet vart det mogeleg å etablere eit nytt interkommunalt nettverk for kompetanseheving og erfaringsdeling (KomByggTre) i Hordaland. Deltakaraane i nettverket er kommunane Meland, Bergen, Osterøy, Askøy og Lindås. Nettverksarbeidet er politisk forankra i alle kommunar, og det er ulike etatar frå kvar kommune som er kopla til prosjektet. Målet med dette nettverksprosjektet er at kommunane får mogelegheita til utveksling, fagleg støtte gjennom prosjektet "Slow wood". Prosjektleiarane i kommunane får hjelp i søknadsarbeidet til Miljødirektoratet (Klimasatsmidlar) eller Innovasjon Noreg for å utgreie  og/eller realisere fleire bygningar med fokus på miljøvenleg byggeri.

Ein viktig milepæl for tresatsinga i Hordaland vart nådd når Høgskulen på Vestlandet (Bergen) kunne utlyse eit nytt professorat for berekraftig bygg på avdeling for ingeniør- og økonomifag.

Planen framover

Fylkesmannen i Hordaland jobbar med å etablere ei ny tredrivarstilling for at påbegynt arbeid, som til dømes det interkommunale nettverket, den årlege trekonferansen og Treklang vert vidareført.

Når kommunen som utbyggjer set materialkrav i kommunale planverktøy, vil dette har ein enorm effekt på næringsutvikling og sysselsetting innan trebransjen.

Utviklinga av regionale næringsklynger i verdikjeda «skog og tre» betyr mykje i omstillingsprosessen som kjem gjennom bioøkonomisatsinga. Verdiskapingspotensialet i skog- og trebransjen er stort,  men føreset langsiktig utviklingsarbeid.

Det er avgjerande at ein regional ressurs (som til dømes tredrivaren) tek tak i slike utfordringar slik at denne bransjen får mogelegheit til å utvikle seg på ein berekraftig måte.

Prosjektet har fått støtte av Innovasjon Noreg, Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland og Høgskulen på Vestlandet.