Auka skogeigarsamarbeid

Prosjektet «Motiv skog» vil auke samarbeidet mellom skogeigarane i nokre utvalte områder. Betre økonomi for skogeigaren og koordinering av tiltak er målet. No har prosjektet styrka mannskapet sitt.

I prosjekt «Motiv skog» er Gunnar Kleive innleigd som prosjektmedarbeidar frå 1.mai 2018. Kleive har arbeidd med skog i mange år, mellom anna som kommunal skogansvarleg og med skogbruksplanlegging. Han kjenner skogbruket på Vestlandet svært godt og er levande engasjert i å forbetre forholda rundt hogst, skjøtsel og forynging av skog. «Alt for skogeigarane sitt beste», seiar Kleive som gled seg til å kome i gang med arbeidet.

Prosjektet har allereie vore i gang ei stund og omfattar tre områder i Bergen, Fusa og Voss kommune. Prosjektet har som mål å styrke samarbeid mellom skogeigarane, auke kunnskapen om skog og auke interessa for skogbruk og drift av skog. Prosjektet vil og sjå på korleis skogen bør sjå ut slik at den neste generasjonen overtek ein stabil og økonomisk interessant framtidsskog med høg diversitet og naturmangfold.

Kontaktperson: Gunnar Kleive kan treffast på tlf.: 48124668, e-post: fmhogkl@fylkesmannen.no

Prosjektansvarleg: Terje Natland