Fakta om skogbruket i Hordaland

10 om skogen i Hordaland

  1. Vi har fjellbjørkeskog, edellauvskog, kystfuruskog og andre skogstypar.
  2. Opphaveleg naturskog vart hogd før 1800 og tømmeret vart selt til utlandet.
  3. Produktivt skogareal er på 3 mill. daa, halvparten er økonomisk drivbart. I tillegg har vi mykje krattskog.
  4. Gran dekkjer om lag 1/3 del av produktivt skogareal.
  5. 2/3 av granskogen er i Voss, Kvinnherad, Lindås, Kvam, Bergen, Ullensvang og Osterøy.
  6. Dei fleste skogeigedomar er små og ligg mellom 25 og 250 daa.
  7. I 1966 vart det planta 27000 daa skog, men berre 2000 daa i 2014.
  8. Halvparten av skogen er gammal nok til å bli hogd.
  9. 530 000 kbm kan teoretisk hoggast kvart år – i praksis vert 230 000 kbm hogd.
  10. Sagbruket Granvin tar imot kvart år ca. 60000 kbm tømmer frå skogen.

Areal og treslagfordeling

Landskogstaksering utført av Skog og Landskap syner at det produktive skogarealet frå 1930 til 2007 vart meir enn dobla, frå 1,2 mill. dekar til 2,7 mill. dekar i Hordaland. Det totale skogdekte arealet i er mykje større, nærare 4,4 mill. dekar. Det økonomisk drivbare arealet er derimot mindre, på om lag 1,5 mill. dekar. Ulike granartar dekkjer om lag 510 000 dekar i Hordaland. Likevel har ikkje andelen granartar av totalarealet auka sidan 1981. Då var granareala på 360 000 dekar av eit totalt produktivt skogareal på 1,76 mill. dekar i hogstklasse II til V.

Halvparten av skogarealet består no av hogstmogen skog, men skogane våre er biologisk sett i utvikling. I 2000 var den totale tilveksten om lag 900 000 kbm, medan hogstvolumet i 2016 var 230 000 kbm. Balansekvantumet i Hordaland, det ein maksimalt kan hogga kvart år utan å redusere framtidig hogstkvantum, er utrekna til om lag 800 000 kbm. Difor er det eit stort potensiale for auka hogst i skogane våre. Dei største skogressursane er i kommunane Voss, Kvinnherad, Lindås, Kvam, Bergen, Ullensvang og Osterøy. Desse sju kommunane har om lag 2/3 av kulturskogen i fylket.

 

Skoghistoria

Hordaland hadde store skogar i varmeperioden etter førre istida. For rundt 2000-3000 år sidan byrja menneska å fjerne desse skogane i jordbrukssamanheng og skapte lyngheiene ute ved kysten. Den neste avskoginga skjedde mellom år 1500 og 1800 gjennom det som vart kalla skottehandelen. Då vart skogane i resten av Hordaland fjerna for å gje råstoff for trelasteksport til resten av Europa. For drygt 100 år sidan hadde dette medført at det vart særs lite skog att i fylket. Gran og bøk er dei yngste treslaga våre. Dei har røter frå 1100-1300 talet her vest. Det nordlegaste naturlege bøkebestandet i verda ligg på Vollom i Lindås, medan me har store areal med naturleg granskog på Voss og i Modalen, med ein del spreidde populasjonar (rundt omkring) i indre strok av fylket. Elles er det stor variasjon i skogtypar i fylket, frå fjellbjørkeskog opp mot fjellet til edellauvskog, kystfuruskog, kristtorn og barlind. Nær sagt alle norske skogtypar finst i Hordaland. I perioden 1950-1970 vart mesteparten av kulturskogen i Hordaland planta. Det er denne skogen som i dag og framover vert hausta og erstatta med ny skog.