Kulturlandskapspris 2018 vart delt ut i går

Utdeling kulturlandskapsprisen i Hordaland 2018, foto: Lars Petter Taule
Utdeling kulturlandskapsprisen i Hordaland 2018, foto: Lars Petter Taule

Kulturlandskapsprisen i Hordaland blir i år tildelt Marta Bjørgum Meland og Mekjell Meland på Ytre Meland i Ullensvang. Dette er 22. gang prisen blir delt ut.

Fylkesmann Lars Sponheim delte ut prisen heime på garden hos prisvinnarane. Prisen er på kr 50.000 og eit diplom.

Formålet med kulturlandskapsprisen er å auke merksemda om verdiane kulturlandskapet representerer i fylket og å gje ei påskjøning til dei som gjennom mange år gjer ein innsats for å ta vare på det. Prisen er eit samarbeid mellom Hordaland Fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland der Fylkesmannens landbruksavdeling er sekretariat. Kulturlandskapsprisen har ulikt tema for kvart år. Årets tema er bratt areal og andre driftsvanskar.

Det er ein samrøystes jury bak vedtaket og grunngjevinga er som følger:
Alt dyrka areal på garden er bratt, og mesteparten har brattare helling enn 1:3. Brukarane legg ned mykje arbeid i produksjon av kvalitetsfrukt i dei bratte bakkane. Driftsvanskane er større enn på mange andre fruktbruk, med mykje manuelt arbeid, mellom anna med plantevern, slått mellom trea og i samband med innhaustinga. Heile familien har bidrege, i tillegg til innleigd arbeidskraft. Det er ikkje rom for å hente ut stordriftsfordelar på eit slikt arbeidskrevjande bruk. Dei har gjort mange tiltak med dyrking og planting for å få drifta mindre tungdrive enn tidlegare. Dei knappe areala blir utnytta best mogleg.
Den aktive satsinga deira for å ta vare på og vidareutvikle fruktdyrkinga på den bratte garden har gjort det mogleg å halde fram med drifta. Dei har lagt eit solid grunnlag for at det kan vere mogleg med fruktdyrking her også i framtida. Frukthagane i drift er viktige for kulturlandskapet og opplevinga av eit fjordlandskapet med mykje aktivitet og store kontrastar. Dei bratte areala er gjerne ekstra godt synlege i landskapet. Dei siste åra har Marta og Mekjell òg begynt med utleigebustad til turistar, som set stor pris på ramma som den aktive gardsdrifta gir. 

Både frukthagar og tun er velstelte. Dei tek òg vare på dei gamle husa på garden, mellom anna eit tørkehus frå tidleg 1800-tal og løa der delar av bygninga er frå slutten av 1800-talet. Dei har òg ein gamal hage med historiske pæresortar.

Juryen for prisen er Kulturlandskapsgruppa i Hordaland som er sett saman av representantar frå Fylkesmannen sine landbruks- og miljøvernavdelingar, Hordaland fylkeskommune ved kulturavdelinga, kommunane i Hordaland ved repr. frå Fitjar kommune, Hordaland Bondelag, Hordaland Bonde og Småbrukarlag og Norsk Landbruksrådgiving Vest.

Ordførar Solfrid Borge, prisvinnerarne, Landbruksdirektør Åse Vaag, Kjetil Mehl (leiar i Hordaland Bondelag)

foto: Øyvind Vatshelle