Gode tal for jordbruket på Vestlandet

Inntektene per årsverk i jordbruket auka med 7 prosent på Vestlandet i 2016. Det viser tall frå NIBIO sine driftsgranskingar

Det er ein svært god inntektsauke i det grasbaserte distriktsjordbruket. Auken på Jæren var på 8 prosent og i Trøndelag var inntektsauken 11 prosent. På Vestlandet fekk både mjølkebøndene og fruktbøndene betre resultat enn året før, medan sauebøndene opplevde nedgang som følgje av overproduksjon og lågare prisar.

Etter to år med sterk inntektsauke på landsbasis, var auken nede på 2 prosent for landet som heilskap. Det var særleg det dårlege kornåret på Austlandet som har skulda for det. Likevel er inntektsauken i jordbruket høgare enn den generelle lønnsauken.

Kontaktpersonar