Sau og geit – Vestlandets utvalde smaksbærarar

Fadderprosjektet i samarbeid med Norsk Landbruksrådgiving Vest og Colonialen inviterer til presentasjon av norske saue- og greiterasar og ikkje minst erfaringsutveksling og smaksprøvar av ulike kjøtprodukt.

Arrangementet «Sau og geit – Vestlandets utvalde smaksbærarar» går på Litteraturhuset Bergen,  8. desember.

Vestlandet byr på gode beite, spennande rasar, flinke produsentar og eit foredlingskjede som gjer sitt yttarste for å få smaken fram, heilt til bords. Eit godt samarbeid mellom alle ledd er nøkkelen.  Kunnskap om kva dei andre driv med for å ta vare på innsatsen for produktet i sin heilskap, heilt til det er konsumenten sin tur å bruke og nyte det.

Seminaret er gratis for kokkar, bønder, slaktarar og innkjøparar.

Kokkar, bønder, slaktarar og innkjøparar vil vere samla og høyra om ulike eigna saue- og geiterasar til kjøtproduksjon– og ja, vi skal ikkje bera høyra, men også smaka kjøtet - presentert av Pablo og sitt team på Colonialen på Litteraturhuset i Bergen.

På seminaret ynskjer vi og å samle bønder frå Hordaland, både dei som vil byrja med beitedyr og dei som produserer allereie, for å læra meir om raseval, driftsopplegg, kvalitet, produktutvikling, slakting og foredling på garden.

Vi avsluttar med eit informasjonstorg/ speeddating der produsentar kan ta direkte kontakt med slakteri og kokkar – meir direkte kan det ikkje bli.

Vi trur at vi har skreddarsydd eit spennande program MED og FOR produsentar, rådgjevarar, kokkar og innkjøparar.

Påmelding og program finn ein på nettsidene våre, og som event på facebook.

Kontaktpersonar

Dokument