Parsellhagehåndboken lansert

Dyrkingsprosjekt i byane våre brer om seg med stor entusiasme. Målet er at handboka i etablering og drift av parsellhagar, kan bli ein hjelp på vegen til å gjera buområda og kvardagen vår grønare.

På 50-talet vart parsellhagar i stor grad dyrka for å drive matauk.  I dag har parsellhagane vorte viktige sosiale møteplassar og ein stad for læring og kreativitet i eit stykke bynatur.

- Vårt ynskje er at handboka skal vera eit nyttig verktøy for alle som vil etablere parsellhagar, anten du representerar ein gruppe enkeltpersonar eller ein instistusjon. Me håpar den vil fungere som eit oppslagsverk når ulike problemstillingar dukkar opp undervegs i drifta, seier Siri Haavie, hovedforfattar av handboka.

Lenke til Parsellhagehåndboken


Saman med andre urbane dyrkingsprosjekt skapar parsellhagane eit variert og grønnare bylandskap. Nokre stader sikrar dei også at verdifull matjord i utbyggingstruga områder vert teken i bruk og unngår nedbygging. Foto: Frøydis Lindén, FMHO.

 

Hageliv gjer deg og byen friskare

Å dyrke sine eigne grønsaker og møtast over plantar gir mange goder i kvardagen: Parsellhagedyrking er ein helsefremjande aktivitet, både for fysisk og psykisk helse. Hagane bidrar til å skape medvit om lokal matproduksjon og kunnskap om det økologiske samspillet i naturen. Samstundes er urbane dyrkingsprosjekt ofte viktige møteplassar på tvers av generasjonar og kulturer.

Skal hagelivet i parsellen bli vellykka, er det ofte ein fordel å gjera eit godt forarbeid og dra nytte av andre sine erfaringar.

- Etter å ha fylgt ein del parsellhagar og dyrkingsfellesskap over tid, er vårt inntrykk at tydelege retningslinjer og avtalar skapar eit betre miljø i parsellhagen. Det er viktigare å prate om det du  gleder deg over enn det du irriterar deg over, når du er i hagen. Ved å ha avklarte rammer og tydelege ordensregler mellom parselldyrkarane, unngår ein lett mange vanskelege diskusjonar, understrekar Frøydis Linden frå Fylkesmannen i Hordaland si landbruksavdeling.


Rundt hundre personer møtte opp på frokostmøtet den 21. mars kor parsellhagehåndboken vart lansert. Representantar frå Bergen kommune fortalte og om satsingene på urbant landbruk i 2018. Link til program og dokument frå frokostmøtet.  Foto: Frøydis Linden.


Nettbasert og open for innspel

Handboka omtalar både fysisk tilrettelegging for parsellhagedrift, parsellhagen som møteplass, organisatoriske grep, kommunen si rolle, finansiering, samt andre nyttige tips. Bruk innhaldslista til å finne frem til dei kapitla du har mest bruk for. Les gjerne handboka på nettet, då den har mange elektroniske lenker kan inspirere til vidare arbeid i parsellhagen.

Det vil bli lagt ut ei lenke til handboka på Fylkesmennenes landbrukssider i mange fylker, samt på relevante nettsider for parsellhagedyrkarar. Kom gjerne med kommentarer og tips til forbetringar, til fmhofli@fylkesmannen.no. Ein oppdatert versjon vil lanserast i januar 2019 – frist for å gje tilbakemeldingar er 1. januar 2019.

 

Forfattarar og støttepartnarar

Handboka vart utarbeida av samfunnsgeograf Siri Haavie (parsellhager.no) for prosjektet Urbant landbruk i Bergen kommune 2015-18. Prosjektet har vorte støtta av Bergen kommune og Fylkesmannen i Hordaland.

Frøydis Lindén, rådgjevar hjå Fylkesmannen i Hordaland, Landbruksavdelinga, og Gerd Lithun, rådgjevar i Bergen kommune, Etat for landbruk, har kome med bidrag i arbeidet med handboka. Takk og til Helene Gallis (nabolagshager.no), Sarah Skouen i Bergen kommune og Fylkesmannens landbruksavdeling i Trøndelag for verdifulle innspel.

 

Kontaktpersonar