God etablerarrettleiing for landbruksbaserte næringar

Korleis kan rettleiarar bidra til å gjere vegen frå forretningsidé til resultat enklast mogeleg? Dette er hovudtema i Fylkesmannen i Hordaland sine kurs og temasamlingar med utgangspunkt i handboka «Kort veg til gode hjelparar».

Fylkesmannen er ein viktig utviklingsaktør som medverkar til mobilisering for rekruttering av nye etablerarbedrifter.» (Meld.St. 31- Garden som ressurs – marknaden som mål) Etter at handboka «Kort veg til gode hjelparar» kom ut i fjor har Fylkesmannen i Hordaland gjennomført ulike kompetanseutviklingstiltak for rettleiingstenesta i kommunar og andre organisasjonar. I sist veke arrangerte Fylkesmannen i Telemark temadag omkring dette temaet for ei gruppe svært engasjerte næringsrådgjevar i Telemark og Vestfold, med Ragna Flotve frå Fylkesmannen i Hordaland som foredragshaldar og prosessleiar.

Praktisk kompetanse

Ei god rettleiingsteneste handlar både om kommunikasjon, fagkunnskap og nettverk. Det pågåande kompetanseutviklingsarbeidet i Hordaland rettar seg først og fremst mot tilsette på landbrukskontor, servicekontor og andre som ikkje har etablerarrettleiing som einaste oppgåve, og som ikkje har utdanning eller lang erfaring på området. Det trengst i mange tilfelle grunnleggande kunnskap om korleis du kan planleggje og gjennomføre møte med etableraren og korleis du på ulike måtar kan hjelpe vidare. Gjennom godt kjennskap og nettverk kan du bringe etableraren i kontakt med bransjenettverk og andre gode hjelparar.