Frukt- og siderruta vant bygdeutviklingsprisen

Eigarane av Frukt- og siderruta er nabogardane Syse, Hakestad og Lekve i Ulvik. Dei samarbeider om marknadsføring, kompetansebygging og reiselivsprodukt, og det er dette juryen ville premiere.

Dei 3 gardane er:

Syse gard (ENK) v/ Gro Tveit Uglenes og Hans Uglenes produserer frukt, eplemost, sider, syltetøy og vidareforedlar lammekjøt.  I tillegg driv dei selskapslokalet og har status som Economuseè innan frukt og fruktforedling.

Ulvik Frukt & Cideri (ENK) v/ Asbjørn Børsheim og Torbjørg Austrud produserer frukt, eplesider, eplesidereddik og eplemost, med ca. 20 ulike eplesortar og mange ulike smaksvariantar av sider og saft.

Hardanger Saft- og Siderfabrikk (AS)  v/Nils Lekve er en fruktgard med stor produksjon av eplemost og sider og har eit nytt moderne brenneri for produksjon av eplebrennevin. Han har og ein gardsrestaurant for større grupper.

Bygdeutviklingspris 2017 gjekk til Frukt- og siderruta i Ulvik

Bygdeutviklingspris 2017 gjekk til Frukt- og siderruta i Ulvik

I utgangspunktet var alle tre tradisjonelle fruktgardar, men dei har gradvis utvikla seg ulikt, noko som gjer at dei til saman kan framvise eit stort mangfald og tilby ulike opplevingar.  Syse som er ein allsidig familiegard, Lekve har eit meir storproduksjonspreg mens Hakestad er spesialisten på ulike frukt- og sidersortar.  Alle produserer frukt, saft, sider og ulike serverings- og reiselivsprodukt.

Hovudaktivitetane til Frukt- og siderruta er Siderslepp om våren og Fruktslepp om hausten. Dei har vidare inngått samarbeid om marknadsføring, kompetansebygging og reiselivsprodukt, og det er dette definitivt fruktbare samarbeidet som juryen har lagt hovudvekta på.  Det er eit svært godt døme på eit vellykka bedriftsnettverk innan landbruk/reiseliv.

Dei tre bedriftene omsettar samla for 12-13 mill. kr i året og sysselsett ca. 8 årsverk.

Reiselivet har tatt godt imot Frukt- og siderruta, og ruta er i dag ein viktig del av opplevingstilbodet i Ulvik, og har bidrege til å gjere kommunen enda betre kjent som reisemål.  Fruktdyrkinga i Ulvik er og på veg oppover igjen, noko som Frukt- og siderruta kan ta litt av æra for.

I juryen for prisen er:

  • Ole-Andreas Smette, avdelingsleiar i Innovasjon Norge,
  • Åse Vaag, landbruksdirektør
  • Kjetil Mehl, leder i Hordaland Bondelag
  • Jarle Helland, leder i Hordaland bonde- og småbrukarlag

Prisen er på kr 50 0000 og vart utdelt av Ole-Andreas Smette under Hardangerkonferansen 15.11.17.

Kontaktpersonar:

  • Asbjørn Børsheim, tlf. 911 02 215
  • Ole-Andreas Smette, tlf. 930 27 842

Kontaktpersonar